Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Høgdepunktet

Grete Pedersen dirigerte Johannespasjonen med energi som eit damplokomotiv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Grete Pedersen dirigerer Det Norske Solistkor og Rosendal Barokkorkester i Riddarsalen.

Foto: Liv Øvdal

3413
20240816
3413
20240816

Konsert

J.S. Bach:

Johannespasjonen

Det Norske Solistkor, Rosendal Barokkorkester, Benedikt Kristjánsson, tenor (evangelist); mfl.; dir.: Grete Pedersen.
Riddarsalen i Rosendal, laurdag 10. august

Det er smått utruleg, men eg måtte til Rosendal for å oppleva den beste konserten under årets festivalsesong, nærare bestemt til ei ombygd løe på avlsgarden nedanfor baroniet. Riddarsalen, blir denne konsertløa med 460 sitjeplassar kalla, som trass i at ho er lang og smal, har god akustikk. På laurdag fann det som må vera Rosendal Kammermusikkfestivals største produksjon til no stad her: To framføringar av Bachs Johannespasjonen, BWV 245, med Det Norske Solistkor og Rosendal Barokkorkester, dirigert av Grete Pedersen. Eg var på den fyrste framføringa.

Alt i dei fyrste, nervøst pulserande taktane av opningssatsen fekk eg kjensla av at dette ville bli ei konsertoppleving utanom det vanlege. Tempoet var høgt, strykarklangen spenstig, dei kvasse dissonansane i oboane skjerande, og då koret kom inn med utropet «Herr, unser Herrscher», gjekk det kaldt nedover ryggen på meg. Det finst mange måtar å spela snøgt på. Dirigenten Pedersen musiserte hastig, men utan at det verka hastande, og den massive klangen kjendest aldri tyngjande.

Landshovdingrøyst

Eg har høyrt dei beste barokkorkestera i verda framføra denne pasjonen, men ein slik damplokomotivaktig energi i opninga var eineståande. Både koret og orkesteret var relativt lite med tanke på besetning. Dette gav høve til smidig frasering og dei artikulatoriske nyansane Pedersen er så god til å få fram. Dette galt også i ariane, særleg den eldfulle tenorarien «Ach, mein Sinn», der ho la opp til piskande snert i fiolinane.

Solist var her islandske Benedikt Kristjánsson. Han var også evangelist, altså den som syng bibelteksten ordrett gjennom resitativ og driv handlinga framover. Både resitativ og ariar meistra han fullgodt.

Den belgiske bassen Gunther Vandeven i rolla som Jesus, kunne vore meir malmfull, men det kan ha med plassen eg sat på å gjera, diagonalt frå Jesus.

Mest inntrykk av dei mannlege solistane gjorde uansett Pilatus, i form av slovenaren Jan Kuhar, ein bass med skakande landshovdingrøyst.

Hikstande tone

Når det gjeld dei kvinnelege ariesolistane, lyt sopranen Ditte Marie Bræin nemnast, som fekk stemma til å blanda seg godt med dei to unisone tverrfløytene i «Ich folge dir gleichfalls», og Mari Askvik, som fullførte «Es ist vollbracht!» med verdig klagande altrøyst.

I den sistnemnde satsen, som kan kallast nøkkelarien i pasjonen, beit eg meg også merke i den spesielle spelestilen til Reiko Ichise på viola da gamba. Bach nytta dette overtonerike, lett nasale strykeinstrumentet medvite for å uttrykkja smerte og død. Dirigenten hadde lagt opp til eit temmeleg lågt tempo, som takka vere Ichises intense, hikstande gambetone kledde arien godt.

300-årsjubileum

Det var vågalt av Leif Ove Andsnes å setja opp eit så stort kyrkjemusikkverk på ein kammermusikkfestival, og eg var ganske spent på om det ville bli ein kunstnarleg suksess.

Andsnes’ motivasjonen var jubileet – tre hundre år er gått sidan Johannespasjonen blei urframført langfredag 1724 i Nikolaikyrkja i Leipzig. Der opplevde eg han tidlegare i sommar. Men førre helg synte altså at verket kan ha like stor verknad i ei sunnhordlandsk løe.

Sjur Haga Bringeland

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis