Musikk
Kåra til beste hardingfelespelar
Per Anders Buen Garnås vann hardingfele klasse A for femte gong.
Per Anders Buen Garnås på scena under Landskappleiken i Lom.Per Anders Buen Garnås på scena under Landskappleiken i Lom.
Foto: Anders LilleboFoto: Anders Lillebo
Blant dei 39 klassene det blir tevla i under Landskappleiken, blir hardingfele klasse A rekna som den mest fornemme. Hardingfela er sjølve nasjonalinstrumentet. Ein spesiell heider går difor til den som dommarane meiner handterer dette instrumentet best.
Som tidlegare år vart konkurransen i toppen tett. Per Anders Buen Garnås frå Spelemannslaget Bøheringen blei lønt med 92 poeng av dommarane. Hakk i hæl fylgde Lars Ingar Meyer Fjeld frå Spelemannslaget Vårlengt i Grenland og deretter Erlend Apneseth frå Indre Sunnfjord Spelemannslag. Ottar Kåsa frå Falkeriset Spelemannslag i Rauland i Telemark kom på fjerdeplassen.
Per Anders Buen Garnås spelte dei to slåttene «Hellosen» og «Morten Sålebindar». Dette er to etter måten krevjande slåtter med stor tonerikdom. Det er naturleg å tru at dommarane lønte Garnås for at han framfører slåttane på ein tradisjonssikker og roleg måte. Samstundes evna han å leggja inn små improvisasjonar der ein får inn nokre uventa tonar, men også det heilt i samsvar med tradisjonen.
Større kjennarar av hardingfelespelet enn forfattaren av desse linene seier at det knapt er nokon annan nålevande spelemann i Noreg som har eit så sikkert grep om hardingfela, og som kan framføra desse etter måten vanskelege slåttane på ein så suveren måte.
Det er i år femte gongen Per Anders Buen Garnås går av med sigeren i klasse A hardingfele, noko som tyder at han kan reknast blant dei aller største hardingfeleutøvarane dei siste 100 åra.
Under tevlinga sist laurdag var det nok mange som hadde tippa Ottar Kåsa som vinnar. Den andre slåtten han spela, «Markensmondagen» etter Lars Fykerud, vart framført så suverent og med så stort driv at folk i salen blei både begeistra og rørte. Jubelen stod i taket då Kåsa drog den siste tonen. Ottar Kåsa, som har vunne klasse A fire gonger tidlegare, fekk av dommarane likevel berre 88 poeng, fire poeng bak vinnaren Garnås. Igjen er det vanskeleg å vita kva dommarane legg mest vekt på, og det er langt ifrå alltid at dommarane gjev flest poeng til den som får den lengste applausen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.