Musikk

Klassisk eleganse frå Hedmark

Det finst ikkje ein keisam augneblink på desse platene.

Publisert

Hedmarkingen Anders Sørensen (1821–1896) var ein svært populær spelemann medan han levde, musikken hans kom ut i form av notetrykk, og dei mest kjende melodiane (til dømes «Sørensens vals») har vore i bruk like inn i vår tid. For tre år sidan gav Anders Grøthe ut ein CD med musikk av Sørensen (også på Aksent), og denne produksjonen er såleis eit framhald av dette arbeidet. Men på denne doble plata er det ytterlegare 45 melodiar som vert spelte.

Elev av Ole Bull

Sørensen var så mykje meir enn lokal dansespelemann: Han spelte valthorn i militærkorps og cello i teater- og tivoliorkester i Kristiania og København. Dessutan underviste han i fiolin og presenterte stolt seg sjølv som «elev av Ole Bull».

Dette er populærmusikk som levde parallelt med romantikken innan kunstmusikken. Såleis skulle ein kanskje tru at dette er noko avleggs. Men Svendsruds ensemble og trio gjer denne mistanken til skamme. Det finst ikkje ein keisam augneblink på desse platene, og spelet er lett, elegant og virtuost, men utan å bera preg av posering. Særleg felespelet til Arvid Engegård (som òg er ein framifrå klassisk fiolinist) er verdt å merka seg.

Musikkhistorie

Musikken er eit interessant døme på at grensene mellom «folkemusikk» og «kunstmusikk» ikkje var så absolutte på 1800-talet som dei har vore i nyare tid. Omgrepet «gamaldans» er av nyare dato, og vals, polka og andre runddansformer vart nytta av alle slags musikarar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement