Musikk

Kreativ musikkformidling

Angel Olsen løftar medartistar fram i lyset.

Angel Olsen då ho spelte på All Points East-festivalen i Victoriaparken i London i august i fjor.
Angel Olsen då ho spelte på All Points East-festivalen i Victoriaparken i London i august i fjor.
Publisert Sist oppdatert

Kva har Poppy Jean Crawford, Coffin Prick, Sarah Grace White, Maxim Ludwig og Camp Saint Helene til felles? Kanskje at ikkje så mange lesarar av denne avisa har høyrt om dei. Alle fem har elles æra av å vere representerte i første utgåve av den nye plateserien til Angel Olsen – eit namn fleire nok vil kjenne.

Løftar fram andre

Olsen – som har gitt ut fleire markante album som har vore omtalte på desse sidene, seinast Big Time (2022) – har nemleg sett seg føre å løfte fram artistar og band ho synest fortener merksemd. Cosmic Waves Vol. 1 – A Curated Compilation & Covers Project kjem ut på det vesle selskapet hennar, Somethingcosmic, og står fram som eit ideelt døme på kreativ musikkformidling.

Eg trur ikkje eg har sett det gjort på nett denne måten før: På side A får dei fem artistane sleppe til med eige, nytt originalmateriale, og så, på side B, skiftar Olsen rolle frå kurator til fortolkar, idet ho framfører utvalde låtar av kvar enkelt. For meg er dette det første møtet med alle fem.

Det første som slår meg, er kor ulike desse artistane er. Opningssporet, ved Poppy Jean Crawford, viser seg med sitt kraftfulle trøkk og gitar-øs å vere utypisk grenseoverskridande for det som følgjer. Coffin Prick, Ryan Weinsteins prosjekt, putrar og boblar med psykedeliske synthar og skranglete gitarriff.

Sarah Grace White fører oss endå nærare kvilepulsen, og framstår med «Ride» som eit klassisk singer-songwriter-talent. Det gjer også på sin måte Maxim Ludwig, med ein fin pianoballade – han har visst alt vore på L.A.-talentradaren i nokre år (kanskje har til og med skrytet i L.A. Times for nokre år sidan vore hemmande for artisten).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement