Musikk
Kristin Asbjørnsen på norsk
Dei spenstige og strokne arrangementa går aldri i vegen for tekstane.
Kristin Asbjørnsen har skrive fram songane ved pianoet sitt.
Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen
Alle reiser er ein omveg heim, den kjende boktittelen av Herbjørn Sørebø frå 1974, kan stå som ein undertittel på Kristin Asbjørnsens nye plate, den første utgjevinga med norske tekstar frå hennar side.
Heilt sidan den kritikarroste Wayfaring Stranger – A Spiritual Songbook (2006) har Asbjørnsen utvikla eit musikalsk uttrykk med røter i gospeltradisjonen, men også påverka av vestafrikansk mandinka. Ho har oftast hatt med seg folk som trakterer eit rikt utval strengeinstrument. Olav Torget har vore ein trufast musikalsk følgjesvein.
Med Hjemveier har Asbjørnsen teke (eit førebels?) farvel med gospeltradisjonen og erstatta det med eit moderne vise/pop-uttrykk ispedd jazz og musikk frå Vest-Afrika.
Det pulserande, strengebaserte er framleis ein berebjelke i det musikalske reisverket, men plata opnar og sluttar med røysta til Asbjørnsen til eige pianoakkompagnement. Vokaluttrykket og arrangementa gjev tekstane god plass, og slik sett blir tekstane som berande element forsterka.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.