Landskappleik med ungt andlet
I fem dagar i juni møttest 1000 utøvarar og 5000 publikummarar i Lom for å feira den norske tradisjonsmusikken.
Synnøve Brøndbo Plassen frå Folldal, vinnaren av klasse A vokal.
Foto: Halvor Tjønn
Folkemusikk
Landskappleiken
Lom, 21.–25. juni 2023
Ein gubbe som sat på ein stubbe og spelte ein slått få skjønte noko av – dette var lenge biletet som kom ut til ålmenta av norsk folkemusikk. Under Landskappleiken, som i år blei arrangert i Lom i Nord-Gudbrandsdalen, stod tradisjonsmusikken fram så langt ifrå dette biletet som det er mogleg å koma. Den norske folkemusikken er i ferd med å bli fornya.
Ein kunne sjå det i dei aller fleste av dei 30 klassene som det blei tevla i denne gongen. Deltakarane var unge, og mange hadde ikkje den tradisjonelle bakgrunnen frå eit utkantområde i Noreg. Ikkje minst tydeleg kunne ein sjå det i den tevlingsklassa som går under kodenamnet Vokal klasse B. I denne klassa stiller det opp kvinner og menn over 18 år som tevlar om å koma opp i Vokal klasse A, sjølve elitedivisjonen av vokale folkemusikarar.
Svensk siger
Klasse B blei i år vunnen av Isa Holmgren, ei 28 år gamal kvinne frå Värmland i Sverige som har budd i Noreg i tre år. Etter sigeren rykte Isa Holmgren opp i A-klassa. På den neste landskappleiken stiller ho saman med dei fremste kvedarane og folkesongarane i Noreg.
Isa Holmgren framførte tre songar: Den fyrste var «Till, till, Tove», ein song som er ei åtvaring mot bjørnen som tek buskapen. Deretter song ho ein polskdans etter Johan Olsen frå Elverum og til slutt ein halling, som òg var frå Elverum.
– Alt det som eg syng her på Landskappleiken, er materiale frå Noreg. Men for det meste har eg arbeidd med materiale frå vestre Värmland. Når ein samanliknar dette materialet med det ein finn på norsk side av grensa, er det ganske likt. Det er interessant å sjå likskap og forskjellar, men overgangen frå svensk til norsk folkemusikk har gått veldig greitt, seier ho til Dag og Tid.
Spesialiteten til Isa Holmgren er å tralla til dans, altså å taka felelåtar og omdanna dei til vokal musikk.
– Då eg tok til med dette i Sverige, var det veldig få på min alder som gjorde det. Dei siste åra er det blitt meir vanleg og meir godteke innan folkemusikken, i båe landa, fortel ho.
Folkedans tok Isa Holmgren til med i Sverige då ho var 14 år. Det var gjennom dansen ho fann vegen til den svenske – og den norske – folkemusikken. Ved universitetet i Göteborg tok ho ein bachelorgrad der ho studerte korleis ein kunne omforma danselåtar på fele til vokal. For tre år sidan kom ho til Oslo og til Musikkhøgskulen, der ho gjekk saman med mellom andre Synnøve Brøndbo Plassen frå Hedmark Folkemusikklag, som i år vann A-klassa i vokal.
Bra for nerdane
– Det er eit fantastisk folkemusikkmiljø i Oslo, ikkje minst på dansesida. Mangfaldet i dansen er stort, og ikkje minst er kurstilboda veldig gode. Eg vil ikkje på nokon måte seia noko negativt om folkemusikkmiljøet i Sverige, men det er klart at som folkemusikknerd er det veldig triveleg å vera i Noreg, seier ho.
Noko som skil Noreg frå Sverige, er kappleikane.
– Dei finst jo ikkje i Sverige i det heile teke, så for ein svenske å koma til noko så stort som Landskappleiken er ei heilt spesiell oppleving. Generelt kan ein nok seia at dei ressursane som blir brukte på folkemusikk i Noreg, er mykje større enn i Sverige.
– Og no, etter tre år i Noreg, har du rykt opp til eliteklassa av norske folkesongarar og kvedarar. Korleis kjennest det?
– Noreg har jo ikkje institusjonen riksspelemann, som me har i Sverige. Men når eg har rykt opp i A-klassa for vokal folkemusikk i Noreg, kjenner eg det slik at eg er komen så nært til å vera riksspelemann i Noreg som det er mogleg å koma. Dessutan er det slik at ein ikkje kan bli riksspelemann i Sverige på song eller trall, så difor er det endå hyggelegare, seier Isa Holmgren.
Tonalitet og rytme
Eli Storbekken var ein av dei tre dommarane som var med på å kåra vinnarane i klassene for dei vokale folkemusikarane. Sjølv er ho ein etablert folkemusikar innan song og seljefløyte frå fleire tiår tilbake. Ho seier til Dag og Tid at det heller ikkje i år var lett å kåra vinnarar i dei ulike klassene.
– Dei som vinn, gjer det fordi dei lukkast med heilskapen i framføringa. Dei er gode både i tonalitet, i rytme og i formidling. Men å setja opp ei rekkjefylgje mellom 24 deltakarar, som det var i B-klassa i år, er sjølvsagt ikkje lett. For det fyrste er nivået på deltakarane veldig høgt. For det andre handlar det om skjønn. Til sjuande og sist kjem dei tre dommarane fram til ei semje, og då er det det som tel.
Går me nokre tiår tilbake i tid, var avgjerslene til dommarane mykje meir omdiskuterte, seier ho.
– Ikkje sjeldan var det ein god del misnøye med avgjerslene. No er heldigvis tonen lettare. Både deltakarar og publikum forstår at det handlar om skjønn. Når ein kjem opp i A- og B-klassa, handlar det om å skilja mellom deltakarar som alle er svært gode, legg ho til.
Det samla talet på deltakarar i vokalklassene held seg på om lag 50 frå år til år, seier Eli Storbekken.
Om ho skal peika på ein tendens i den norske vokale folkemusikken, er det at deltakarane blir yngre, og at dei er betre utdanna enn dei var før. No er det mange som kjem frå Musikkhøgskulen, frå Ole Bull Akademiet på Voss eller frå folkemusikkutdanninga på Rauland i Telemark.
– Dersom ein går attende til 1970- og 80-talet, var det fleire sjølvlærte utøvarar som hadde lært den vokale folkemusikken direkte av tradisjonsberarane. Det er alltid viktig å ha med tradisjonsberarane, men i dag hentar mange materialet sitt ut frå gamle opptak og digitale kjelder. Hovudsaka er at folkemusikken lever vidare inn i framtida, og ein kan vel seia det slik at dei unge utøvarane i dag er teknisk ganske briljante. Eit døme på det er nettopp Isa Holmgren. Ein ser ein skilnad på dei som syng mest kvar einaste dag, og dei som berre syng når dei stiller opp på kappleikar, seier Eli Storbekken.
Lite stev
Repertoaret i den vokale folkemusikken har sjølvsagt endra seg ein del over tid. Balladar, ofte med røter langt attende i tid, har alltid vore populære. Det same har bydeviser. Dei siste åra har tralling av feleslåttar blitt veldig vanleg, noko det ikkje var før. Nokon saknar kanskje steva. Det var ikkje så mykje gamal- og nystev å høyra i år, men det har nok samanheng med kor Landskappleiken blir arrangert. Stevtradisjonen blir teken godt vare på av kvedarar frå Setesdal og Telemark, fortel ho.
Den vokale folkemusikken har i alle år vore eit kvinnedominert felt. Alle vinnarane i år var kvinner. Dominansen av kvinner her er om lag like stor som dominansen av menn i hardingfele- og feleklassene.
– Det er sjølvsagt viktig at også mannlege kvedarar stiller opp i tevlingane. I Setesdal og i Telemark har det tradisjonelt vore mange mannlege kvedarar, men i dei andre områda har det vore nokså massiv kvinnedominans innan det vokale. I klassa for dei under 18 år, C-klassa, var det i år ingen gutar som stilte opp. Det er litt trist, meiner Storbekken.
Kan nå fleire?
– Når ein høyrer det som er blitt framført her i dei ulike klassene, ser det ut som om den vokale norske folkemusikken har potensial til å nå mange fleire, både i Noreg og i utlandet. Sjølv om deltakinga er stor og miljøet er livskraftig, er vel dette ein nisjeaktivitet i det norske musikklivet?
– Ja, eg er heilt einig. Den norske vokale folkemusikken er rik og mangfaldig, men han når ut til altfor få. Eit problem er sjølvsagt at fellessongen i skulen er blitt mest heilt borte, slik at barn og unge ikkje blir eksponerte for norsk folkemusikk, slik dei ofte blei det før.
Kulturskulane gjer på si side ein stor innsats, men det er altfor få ungdomar som dyrkar den vokale folkemusikken der.
– Eg meiner at i ei tid der etterspurnaden etter musikk berre aukar, så kunne den norske folkemusikken ha blitt spreidd ut i ein heilt annan grad enn det me ser i dag, både i inn- og utland. I Irland har dei til dømes vore flinke til å nytta folkemusikken i kvardag og fest, og me kunne ha mykje å læra av dei, seier Eli Storbekken.
Resultata frå dei i alt 39 klassene som det blei tevla i under Landskappleiken i Lom, kan ein finna på Landskappleiken.no
Halvor Tjønn
Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida