Lyden av ei livbøye
Har Low laga årets beste album?
Ekteparet Alan Sparhawk (gitar, vokal) og Mimi Parker (perkusjon, vokal) står att i bandet Low.
Foto: Irascible Music
Ekteparet Alan Sparhawk (gitar, vokal) og Mimi Parker (perkusjon, vokal) står att i bandet Low.
Foto: Irascible Music
Rock
Low:
Hey What
Sub Pop/
Playground
Det er ganske sjeldan det skjer, men då eg sat der med øyreklokkene og lytta til «Hey», det femte sporet på den nye plata til Low, fekk eg altså denne prikkande kjensla ein kan få når ein lyttar til musikk. Eg fekk det som i den rimeleg slitne klisjeen vert omtala som «gåsehud».
Kva skal eg då skrive no, sidan eg kalla førre plate frå bandet, Double Negative, som kom for akkurat to år sidan, for ein moderne klassikar? Då eg var ferdig med å lytte meg gjennom Hey What for første gong for nokre veker sidan, på eit hotellrom i Oslo, klarte eg nemleg ikkje anna enn å gå rett på ei lytting til. Det hender ikkje ofte. Det vart ei sein natt.
Utforskande
Som sist held bandet fram med ein radikal, utforskande estetikk og har nok ein gong alliert seg med produsent B.J. Burton (kjend mellom anna for arbeidet med Bon Iver), men denne gongen har trioen vorte ein duo. Steve Garrington (bass) er ikkje med, slik at berre ekteparet Alan Sparhawk (gitar, vokal) og Mimi Parker (perkusjon, vokal) står att, med ein produsent med vedvarande sterk innverknad på uttrykket.
Støyen spelar atter ei viktig rolle, men ein sentral forskjell skil Hey What frå Double Negative: måten røystene figurerer i lydbiletet på. Der instrumenteringa igjen er hakka opp og fordreidd, og Burton har fått boltre seg med alskens manipulasjon av ulike element, er synginga løfta ut og heva i miksen, til stor, kontrastrik verknad.
Grepet tilfører det svimlande uttrykket noko svalande, som likevel ikkje gjer det mindre kompromisslaust. Sjeldan har ei pressemelding sagt det meir slåande – harmoniane til Sparhawk og Parker bryt gjennom kaoset som ei livbøye.
Low leverer
At dei har gitt Burton ein slik sentral plass, nok ein gong, vil nok dele trufaste lyttarar litt, for det finst vel dei som vil synast at den reinskorne, hovudsakleg akustiske lyden mange knyter til Low, forsiktig aksentuert då Jeff Tweedy produserte The Invisible Way (2013), før Burton kom på banen med Ones and Sixes (2015), er erstatta med vel mykje og komplisert tekstur.
Easy listening har dette aldri vore, men slik dei framstår med Hey What, yter Low motstand på ein annan måte enn dei har gjort det med klassikarar som 20-årsjubilanten Things We Lost in the Fire (2001).
Singelen «Days Like These» skapte høg forventning, for det er jo som om berre denne eine songen rommar eit heilt album i seg sjølv, men Hey What leverer. Eg trur jammen dette må vere ein sterk kandidat til årets beste album.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.