Musikk

Mellom verder

Carl Friedrich Abel var den siste store viola da gamba-virtuosen.

Carl Friedrich Abel (1723–1787). Utsnitt av måleri av Thomas Gainsborough frå 1777.
Carl Friedrich Abel (1723–1787). Utsnitt av måleri av Thomas Gainsborough frå 1777.
Publisert

Carl Friedrich Abel står i ei underleg musikkhistorisk særstilling, for instrumentet han trakterte, peikar bakover i utviklinga, medan musikken han komponerte, peikar framover. Han var den siste store virtuosen på viola da gamba, eit strykeinstrument som til liks med celloen blir halde mellom knea, men er annleis stemt og har fleire strenger. Gamben er eit typisk 1600-talsinstrument og var i tida då Abel gjorde karriere, eit anakronistisk særsyn i konsertsalen.

Som komponist, derimot, tok Abel i bruk dei nyaste musikkformene og -sjangrane i samtida. Han bidrog i utviklinga av den klassiske symfonien og var mellom dei fyrste som skreiv for strykekvartett. Den pur unge W.A. Mozart, som vitja Abel i London, nytta hans symfoniar som mønster for sine eigne.

Bach-samarbeid

På bakgrunn av dette er det me skal skjøna Between Two Worlds (les: mellom barokken og klassisismen), som er tittelen på albumet der La Spagna baroque orchestra spelar seks Abel-verk under leiing av den gambespelande spanjolen Alejandro Marías. Han har også skrive omslagsessayet til plata, som gjev eit fint riss av Abels skifterike liv.

Han kom til verda i Köthen i 1723 som son av gambevirtuosen Christian Ferdinand Abel. Denne var musikar i hoffkapellet i Köthen, der J.S. Bach var kapellmeister. Etter tilråding frå Bach fekk den unge Abel seg stilling ved hoffet i Dresden, men flytte som fylgje av sjuårskrigen til London i 1759. Saman med Bach-sonen Johann Christian Bach starta han der konsertserien «Bach–Abel Concerts» i bydelen Soho – dei fyrste abonnementskonsertane i engelsk historie. I London døydde han i 1787, utarma og alkoholisert.

Framoverlent

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement