Naturens advokat
Ensemblet realiserer ambisjonane til Hole på framifrå vis.
Ensemblet til Sigurd Hole då dei spelte konsert på samtalefestivalen TronTalks ved foten av Tronfjellet.
Foto: Ragnhild Tromsno Haugland
Jazz / Samtidsmusikk
Sigurd Hole Ensemble:
Extinction Sounds
Torbjørn Snekkestad, saksofon og trompet; Jon Balke, piano; Sara Övinge, fiolin; Bendik Bjørnstad Foss, bratsj; Tanja Orning, cello; Anders Kregnes Hansen; marimba og perkusjon; Sigurd Hole, bass; Veslemøy Narvesen, trommer og perkusjon.
Elvesang
Musikk og politikk heng ofte saman på ulikt vis, men mest indirekte ved at artistar nyttar den kulturelle og moralske kapitalen sin til å støtta ei sak eller hjelpa fram ein politikar. Såkalla programmusikk møter ein sjeldnare, men både Benedicte Maurseths Hárr og Sigurd Holes Roraima og aktuelle Extinction Sounds representerer spanande unnatak. Dei gjer greie for inspirasjonskjeldene sine, men båe greier på overtydande vis å gjere lyduniversa dei tematiserer, gjenkjennelege gjennom instrumenta i ensemblet.
Opptaka til Extinction Sounds er frå urpremieren av verket med same namn frå Tynset kulturhus 21. oktober 2023. Hole set opp to kontrastar som verket spenner over – barndomsminna frå Gammelsætra med insektlydar frå blomeenga, fuglesongen og sauebjøllene, og det ubønhøyrlege faktumet at me er i ferd med å utrydda ein stor del av artsmangfaldet på jorda. Gjennom dei åtte delane verket er sett saman av, får han fram det grufulle dramaet.
Introen «Like An Echo of Ancient Bells», spelt av Balke, «ser attende», medan andre delen, «Whispers of Air And Dust», fungerer som eit frampeik til del tre og fire. Fjerde satsen «Four Rooms» er som eit verk i verket der idyllen og dei mørke skyene vekslar om overtaket. «Patchwork», der strykarane dominerer, er den satsen der Hole kjem nærast ambisjonen om å integrera naturens lydar i verket. Det heile fell til ro med «Remnants of An Old Pastorale». Glitrande!
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.