Musikk
Ny dagleg leiar i jubileumsåret
Aslak Brimi er ny dagleg leiar av FolkOrg.
Påtroppande leiar i FolkOrg Aslak Brimi (t.h.) saman med konferansier Hans Andreas Solbakken.
Foto: FolkOrg
– Den norske folkemusikken må koma seg ut frå Folkemuseet, og me er på veg til å gjera det. Mange lokallag rekrutterer godt blant barn og unge. Ei hovudoppgåve for meg som påtroppande leiar i FolkOrg blir å intensivere dette arbeidet, seier 39 år gamle Aslak Brimi til Dag og Tid.
Sjølv er Brimi ein merittert spelemann og kjem opphaveleg frå Lom, bygda der Landskappleiken blei arrangert i år. Han er utdanna frå instituttet for tradisjonskunst og folkemusikk på Rauland og er dessutan kjemikar frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Før han i august tek over som dagleg leiar av FolkOrg, har han arbeidd som lektor i Oslo, i tillegg til å vera utøvande musikar.
– Mange har hatt ei oppfatning om at norsk tradisjonsmusikk er noko folk i Noreg ikkje vil høyra. I jubileumsåret og dei neste åra som kjem, er det oppgåva vår å endra denne trua. Mykje av det som er blitt vist fram frå scena under denne landskappleiken, er kunstformer som har brei appell.
Som dagleg leiar av FolkOrg vil Brimi opna opp folkemusikken, få han ut til det breie publikummet og gjera norsk folkemusikk til mykje meir av eit folkeeige enn det han har vore til no.
– Ikkje minst viktig blir det å støtta dei aktive, profesjonelle utøvarane. Me vil jobba for at den norske folkemusikken ikkje berre blir gøymt bort i Folkemusikktimen, som går på P2 kvar sundag, men at han blir å høyra mange stader i programflatene til statskanalen, seier han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.