Musikk

Ortons triumf

Beth Orton står fram som ein revitalisert artist på ei plate som høyrer til mellom årets aller beste.

Det nye albumet til Beth Orton er i sal frå neste fredag.
Det nye albumet til Beth Orton er i sal frå neste fredag.
Publisert Sist oppdatert

Kva er dette? Første smakebit frå Beth Ortons«Weather Alive», tittelsporet, gav fleire enn meg hakeslepp då songen dukka opp, rett før våren vart til sommar. Det var som om artisten stod fram i heilt ny drakt. Sjølve røysta rommar motsetnader, mellom det slitne og det slitesterke, og artikulasjonen har noko dvelande ved seg, som om vokalisten søkjer seg fram til kvart ord. «The world is falling from my hands», syng Orton, «and the words will never understand».

Det er ein perfekt måte å introdusere dette albumet på, for «Weather Alive» er sett til halvlyset då alt berre er konturar – då så mykje kan ta form. Og mot dette lyriske bakteppet opnar også eit musikalsk univers seg, eit som er heilt nytt for Orton, som denne gongen har plassert seg sjølv ved tangentane. Tom Herberts bass lagar ein varm puls i botnen, og vibrafonen til Sam Beste får det til å dirre i scenene som utspelar seg, i skuggar og lys, der hav møter land.

Velspelt

Weather Alive er ei uhyre velspelt plate, der bandet er med på å definere korleis kvar song til slutt høyrest ut. Musikarane er sikre nok til å kvile i rommet der formløyse møter form, slik at Ortons utprøvande vokal får følgje i eit laust uttrykk fullt av rørsle. Her er kvar detalj viktig, i eit kresent, minimalistisk tonefølgje som er skreddarsydd til dei fragmenterte, stemningsrike tekstane.

Shahzad Ismaily spelar ei viktig rolle på ei rekkje instrument, og Tom Skinner er med på trommer. Ortons første utgiving på seks år har i det heile nokre definerande jazzdropar med i miksen – saksofonisten Alabaster DePlume er til dømes heilt avgjerande for den mildt funky songen «Fractals», der det vi høyrer på plate, ifølgje Orton sjølv, er det første opptaket dei laga saman i studio. Møtet mellom popmelodi og jazzimprovisasjon er så sterkt som det kan bli, og for denne lyttaren det mest vellukka sidan David Bowie laga sitt aller siste album, Blackstar (2016), saman med eit lite knippe jazzmusikarar, rett før han gjekk bort. Til liks med det albumet har Weather Alive også sine mørke stunder, fleire av songane skildrar oppløysning og tvil, famling og søking.

Neste år er det tretti år sidan Orton platedebuterte, og andrealbumet Trailer Park (1996) stod som eit av det tiårets heilt sentrale utgivingar, med sine ekko frå 1960- og 1970-talet, som vart kombinerte med typiske element frå 1990-talets elektroniske musikk. Orton stod fram som ein eksepsjonelt gåverik låtskrivar, men sjølv om ho har komme tilbake med jamne mellomrom, har det aldri vore med same momentum som i tidlege år.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement