Spenstig slåttespel
Det er imponerande rytmisk kraft i spelet på desse viktige arkivopptaka frå Nordfjord.
FOLKEMUSIKK
Jon Rosenlid og Samuel Bergset:
Historisk slåttespel frå Nordfjord
Aksent
Spelemennene Jon Rosenlid (1891–1974) og Samuel Bergset (1888–1974) var begge frå Nordfjord, der dei lærte tradisjonelt slåttespel, først på vanleg fele, men dei nytta sidan hardingfela vel så mykje etter kvart som ho vart populær også i denne landsdelen.
Begge var dessutan viktige som formidlarar til nye generasjonar folkemusikarar. Bergset var med på å skipa spelemannslaget Fjelljom (som framleis er aktivt), og Rosenlid flytta til Bergen og var ein sentral person i spelemannslaget Fjellbekken. I tillegg til å vera ein god utøvar var Rosenlid notekunnig og skreiv opp over 900 slåttar, både frå Nordfjord og andre stader i landet.
Bergset og Rosenlid er døme på spelemenn som voks opp i det gamle bondesamfunnet der slåttemusikken var den føretrekte dansemusikken. Samstundes med at nye instrument og danseformer vart stadig meir populære, gjorde desse utøvarane ein stor innsats ved å halda det tradisjonelle spelet levande gjennom lagsarbeid og formidling til nye generasjonar spelemenn.
I vår tid er Arne M. Sølvberg, som har skrive ein grundig presentasjon av musikken i tekstheftet, ein viktig formidlar av denne musikken i Nordfjord, medan Finn Vabø hadde ei tilsvarande rolle i Bergen.
Denne dugnadsprega forvaltinga av folkemusikken gjer at det i dag er mange yngre utøvarar som spelar slåttar etter Bergset og Rosenlid. Men dette er første gongen lyden av desse storspelarane vert presentert samla. Så langt har ein måtta oppsøkja folkemusikkarkiva for å høyra lyden av dei.
Og det som slår ein når ein lyder til dette i dag, er friskt tempo og veldig rytmisk spenst. Alt læt ikkje like strigla som på dagens plateproduksjonar, men energien er dess meir imponerande.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.