Musikk

Thomas Strønen i 4 x 2

I byrjinga var tromma.

Thomas Strønen i studio.
Thomas Strønen i studio.
Publisert

Dette er soga om korleis ubrukt studiotid i legendariske Auditorio Stelio Molo i Lugano blei utgangspunkt for ti duettar og to solo trommestykke. Strønen gjorde ferdig plata Bayou (med Marthe Lea og Ayumi Tanaka) før tida, og Manfred Eicher ville bruka den ledige studiotida til innspelingar av tromme- og perkusjonsstykke av og med Strønen.

Samlande

Skulle materialet bli ei solo tromme- og perkusjonsplate, eller kunne ein invitera andre musikarar med på laget og leiken? Det siste blei valt, men før prosessen med å velja musikarar vel var over, banka pandemien på døra. Musikarane som blei spurde og svarte ja alle som ein, fekk eit visst låtmateriale å jobba med.

Utvalet på plata er eit samanhengande prov på vellukka val og ein særs spanande arbeidsmåte, med høgst ulik inngang til oppgåva og musikk med ulike særmerke. Likevel har materialet noko samlande. Dette samlande blir oppsummert i tittelen på opningssporet «Confronting Silence», men i første duetten med Potter på «Weaving Loom» kunne den overbyggande tittelen like gjerne vore «Confronting each other», eit hint til John Coltrane og Rashied Alis Interstellar Space.

Genialt enkelt

Dei fire musikarane nærma seg bidraga frå Strønen på ulikt vis. Taborn sat klar ved pianoet med opptaket i gang då han høyrde musikken for første gong. Det er ei ta-og-kjenna-på-spenning i «Weaving Loom». Langeland på si side hadde lært seg stykka utanåt før ho la på si stemme. Måten ho omformar «Beginners Guide to Simplicity» på, er genialt enkel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement