Bok

Mysteriet i den sørgande skogen

Med samanflettinga av kvardag og mørke gir Gerdur Kristny meg ei sjeldan god lesaroppleving.

Gerdur Kristny har skrive 30 bøker og fekk i 2010 Islandsk litterær pris.
Gerdur Kristny har skrive 30 bøker og fekk i 2010 Islandsk litterær pris.
Publisert

«Likte du Elena Ferrantes Svikne dagar, vil du like denne», såg eg eit forlag skrive om ei av årets utgivingar. Om Gerdur Kristny og Hestvík skriv Aschehoug at ho er «Islands Helle Helle». Lesinga blir fort farga av slike karakteristikkar, men eg er sikker på eg ville tenkt på Helle Helle òg om eg ikkje hadde lese desse orda frå forlaget.

To traume

Helle Helle gir meg ei heilt spesiell stemning som er både lys og mørk, luftig og klaustrofobisk – full av motsetningar. Slik er det òg å vere i Kristnys roman. Hovudpersonen Elín slit med å kome over to traume: tapet av foreldra og skilsmissa frå far til son hennar. I tillegg skal ho straks opererast for hjarteflimmer.

Vi er i det enkle og vesle sommarhuset til Elín i Hestvík. Ho har med seg den tolv år gamle sonen Dorí, som er med for første gong. Sjølv har ho ikkje vore der på ti år, det var då mor hennar døde og faren begynte å bli sjuk – det har ikkje kjenst naturleg for henne å reise dit utan dei. No skal ho hente mora sine vêrbøker, kladdebøker ho har skrive små notat om vêret gjennom åra, før ho sel huset.

Ulming

Kristny nyttar svært mørke og overraskande bilete for å flette sorga inn i kvardagen. Til dømes blir årstala på vêrbøkene samanlikna med inskripsjonar på ein gravstein, og då Elín er på veg til Hestvík og prøver å dele entusiasmen for staden med sonen, samanliknar ho dette med å love «en fange som skulle henrettes evig lykke i det hinsidige». Det er i det heile mykje ulming i teksten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement