Teater
Når Kielland stig ned frå sokkelen
Det er 175 år sidan forfattaren Alexander L. Kielland blei fødd. No vert han feira med eit biografisk portrett på teaterscena.
Alexander L. Kielland (Espen Hana) stig ned frå sokkelen til sine to kvinner, Lisa (Malene Wadel i gult) og Beate (Marianne Holter i blått). I bakgrunnen ramnen (Matias Kuoppala) og Bjørnstjerne Bjørnson (Amund Harboe).
Foto: Grethe Nygaard / Rogaland Teater
Stykket handlar lite om det Kielland skreiv. Alexander er i staden ei sorgmunter tolking av kven han var som person, og korleis han kjempa for å bli forfattar. Diverre er heilskapen blitt for snill.
Dramatikardebutant Rolf Kristian Larsen har henta stoff frå brev som Kielland skreiv. Stykket opnar med at han har stige ned frå sokkelen på torget i Stavanger. No mimrar diktaren om livet med kona Beate, som han fekk fire barn med. Mellom dei sit ein svær ramn – spela av ein skodespelar i blåsvart kostyme med nebb – og varslar død. «Eg skulle ha fiska meir på Jæren», sukkar Kielland, «eg skulle ha drukke og ete mindre», men også arbeidd mindre og vore meir med barna.
Metaforisk tyngd
Ramnen i rammeforteljinga har metaforisk tyngd til å minne om alt som ikkje var enkelt for diktaren. Men han burde vore brukt meir undervegs som trugande figur for å understreke at motstanden Kielland møtte, skada sjølvkjensla.
Kielland vart etter romanane sine om klasseskilnader og trongsyn i samfunnet rekna som ein av fire store, saman med Ibsen, Bjørnson og Jonas Lie. Men han vart nekta diktargasje i 1884 då presten Lars Oftedal åtvara Stortinget mot den ugudelege Kielland.
Skodespelar Espen Hana gjer ei framifrå rolle som Kielland. Hans uvørdne tone gjer han menneskeleg der han slåst med manglande sjølvtillit: Unge Kielland drar på fest til Versailles og blir kjend med Bjørnson; han kranglar med ein streng far og søker trøyst hos ei kjærleg mor; då han er 13, døyr ho og vert erstatta av ei streng stemor; forfattaren blir til slutt borgarmeister i heimbyen og amtmann i Molde, men slit med helsa og skriv lite dei siste åra han lever.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.