Bok
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Martin Bech Holte har skrive ei ambisiøs bok om Olje-Noreg der undertittelen er at landet har hamna i oljefondfella. Kva for felle er dette? Ifølgje forfattaren går vi i ei felle når vi bruker av fondet til å finansiere offentleg forbruk. Politikarane våre lèt seg presse av interessegrupper som, stimulert av oljerikdommen, er umettelege på budsjettmidlar. Det er mykje god økonomisk-historisk analyse i denne boka, til dels med lærebokpreg. Ho er dels krevjande å lese og kunne vore korta ned, sidan repetisjonar førekjem. Grafiske figurar er illustrative, men lita skrift gjer dei mindre gode å studere.
Framstillinga kretsar kring metaforane dag 1 og dag 2, der dag 1 er epoken frå 1973 til 2013, då veksten vart god og pilane viste rett veg. Ved dag 2 (frå 2013 til i dag) set tilbakeslaget inn, då er det overforbruk av oljefondet, offentleg sektor eser ut, produktiviteten går ned og kapitalflukt set inn.
Tradisjonelt tankegods
Den historiske gjennomgangen er prega av tradisjonelt handelshøgskuletankegods: Marknaden var og er løysinga på samfunnsutfordringane. Stortida for dag 1 var dereguleringsperioden frå 1980, som resulterte i jappetida. Holte får fram at frisleppet ikkje var berre vellykka, sidan staten måtte rykke inn å redde bankane med ei pakke pålydande 13 milliardar. Det slår meg at staten er grei å ha for oss alle den dagen vi må over på krykker.
Holte snakkar seg varm om kravet til produktivitetsvekst og dermed også trongen for utanlandsk kapital i norsk næringsliv. Dette er viktig, viss Holte har rett i at bruken av oljeformuen fører til kapitaltørke. Her hadde eg sett pris på ei vurdering av oljefondet og ei omlegging av handlingsregelen, sidan fondet burde kunne investere i norske bedrifter for å kompensere for mangel på framand kapital.
Evig vekst
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.