Teater
Når røyndommen møter kunsten
Ei velspelt framsyning som strammar seg til ein effektfull knute.
Jae Nyamburah (t.v.) i rolla som Makena, som driv sitt eige teater. Oddgeir Thune spelar lydteknikaren Ragnar, Thea Lambrechts Vaulen har rolla som lysdesignaren Anna.
Foto: Monica Tormassy
Dette stykket er siste hovuddel av duoen Goksøyr & Martens’ pentalogi «LIVET #1–5», som går inn på ulike fasar i livet, eller overgangen mellom dei. 11 ÅR tok føre seg barndommen, DOTTERA skildra ungdomstida, BROR omhandla vaksenlivet, medan GÅ heldt eit granskande lys på alderdommen. Med MomA er vi inviterte inn i overgangsalderen.
Historia er ganske enkel, men ikkje nødvendigvis ukomplisert. Sigrun (Trine Wiggen) har gjort internasjonal suksess som dramatikar, men så er det som om karrieren brått har stoppa opp, og ho står utan oppdrag. Då oppsøkjer ho Makena (Jae Nyamburah), som er dotter til Sigruns søster, og som Sigrun har måtta ta seg mykje av i jentas oppvekst.
Stigande stjerne
No er ho ei stigande stjerne i teaterverda og får bestilling frå sjølvaste MoMa, Museum of Modern Art i New York. Tittelen på stykket speler både på det og på at Sigrun nok har sett seg som ei mor – kanskje A-mor/MomA – for Makena.
Så følgjer eit interessant spel på denne morsrolla og korleis dei to kvinnene oppfattar implikasjonane av henne. Og her ligg det noko dobbelt. Trass i at Sigrun insisterer på at Makena ikkje skuldar henne noko, er det tydeleg at ho tenkjer annleis. Og Makena vekslar heile tida mellom å omtale Sigrun som kvinna ho skuldar alt, og ei kvinne ho ikkje skuldar noko. Det er tvert om slik at Sigrun stal henne frå den verkelege mora.
No er problemet at Sigrun meiner Makena har lova henne eit oppdrag dei skal ha blitt samde om tidlegare. Men det hugsar ikkje Makena, kanskje er det heller ikkje rett, og dessutan er programmet for sesongen alt lagt. Makena er ho som har makta her og definerer reglane, men ho er forvirrande. Den eine augeblinken er ho full av entusiasme over det eine prosjektet Sigrun presenterer, i neste kan ho vere avvisande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.