Bok
Når samlivet surnar
Silje Bergum Kinsten skriv attkjenneleg, men ikkje banebrytande om det kvardagsgråe.
Silje Bergum Kinsten har gitt ut både noveller og romanar.
Foto: Flamme Forlag
«Should I stay or should I go», song The Clash på 1980-talet, og vi er mange som har stilt oss det spørsmålet etter nokre års samliv. Kjærleikens glød har det med å slokne og falme i grå kvardagar og trivialitetar. Verkeleg krise blir det når ein oppdagar at den personen ein slo seg saman med, slett ikkje lenger er den ein ynskjer å dele resten av livet med.
Dette velkjende temaet er utgangspunktet for Silje Bergum Kinstens siste roman, som er den fjerde boka hennar.
Å ikkje elske lagnaden
Anne lever saman med mannen Tom og dottera Stella, som er i barnehagealder, i eit hus med hage i eit elles urbant miljø. Dei har det dei treng materielt, og meir til, men heilt frå første side av boka er det klart at samlivet har gått i stå og surna ganske kraftig.
Tom blir skildra som ein usympatisk type, og det må vere lenge sidan det var varme kjensler mellom dei. Ja, så lite hyggeleg er han at det for lesaren er mystisk kvifor Anne vart saman med han i første omgang. Ho gjer nokre halvhjarta forsøk på å få opp engasjementet om innreiing av heimen eller forslag til felles familieaktivitetar, men gemalen møter henne med sur avvising og fornærmingar som grensar mot aggresjon. Dette går berre éin veg, det er lite spaning knytt til å følgje utviklinga her.
Anne er i det heile særs usikker på om ho har hamna på rett plass i livet. Det gjeld også i arbeidslivet. Ho jobbar som journalist, men er lite engasjert. Ho slit, både med å få spennande oppdrag og med å bli ferdig med dei sakene ho får. I samband med jobben har ho eit par vener som ho går ut med og snakkar ope med, men også desse relasjonane er noko overflatiske.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.