Bok
Når stormen bryt laus
Almada byr på ein særeigen road movie frå argentinsk øydemark.
Selva Almada er journalist og forfattar.
Foto: Vale Fiorini
For dei fleste nordbuar er det kanskje først og fremst tango og fotball som dukkar opp i hovudet i samband med det store landet sør i Sør-Amerika. Vinden som legger øde gir oss ei soge frå eit heilt anna Argentina. Inn i eit knusktørt og nokså trøystelaust ingenmannsland set ho fire nokså sære personar som uventa – og uønskt – får mykje med kvarandre å gjere i løpet av eit døgn. Med denne stramme avgrensinga i tid, stad og persongalleri er boka meir av ei langnovelle enn ein roman.
Selva Almada er journalist og forfattar og har fått fleire prisar. Vesle Camino forlag, som berre gir ut omsett litteratur, og særleg bøker frå Latin-Amerika, gav ut sakprosaboka Døde jenter av same forfattar for eit par år sidan. Eg tykkjer det er prisverdig at eit lite forlag satsar så djervt på litteratur som elles lett hadde gått under radaren for dei aller fleste.
Ungdom i drift
Tenåringsjenta Leni lever eit heller merkeleg liv som dotter av ein omreisande evangelisk emissær. Vi får vite at mora reiste frå dei då Leni var lita, og at ho etter det har delt livet med den nokså ekstreme faren. Det er eit utilfredsstillande tilvære for ei ung jente.
Emissæren – eller pastoren, ville vi kanskje heller seie i dag – er fanatisk i si religiøse tilnærming til verda og menneska. Med talegåvene i orden går han hardt inn for å vaske skitne sjeler reine, som han sjølv uttrykker det. Når far og dotter strandar i øydemarka fordi bilen deira bryt saman, blir sonen til den mekanikaren som dei heldig nok får kontakt med der ute, det neste offeret hans.
Det tar tid å få bilen i stand, og desse fire ulike og nokså underlege menneska blir tvinga til å vere saman eit døgn. Til å begynne med verkar dei to para heilt ulike, men etter kvart ser ein at dei i grunnen speglar kvarandre. Dei to eldste mennene er lukka inne i kvar sine tronge tankesett, medan båe ungdomane er morlause.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.