Bok
Naturalisme på amerikansk
Joyce Carol Oates byr på ein tour de force gjennom fleire generasjonar av arbeidarklasseliv.
Joyce Carol Oates har jamt blitt nemnt som kandidat til Nobelprisen i litteratur.
Foto: Dustin Cohen / Pax
85 år gamle Joyce Carol Oates har ein enorm produksjon bak seg. Ho har særleg vore opptatt av kvinners liv og vald mot kvinner, og blir stadig nemnd som ein kandidat til nobelprisen i litteratur.
Romanen de der kom ut i 1969. Frå før finst 16 titlar av forfattaren på norsk. Var det då naudsynt å omsetje denne romanen nett no? Som eit bidrag til ei større forståing av det for tida nokså uskjønelege USA, nasjonen som snart kan stemme fram presidenten som har demonstrert at målet hans er å rive ned landets demokratiske tradisjonar, er boka særs viktig.
Vald og rasisme
Dei seks hundre sidene fortel om livet til ein arbeidarklassefamilie gjennom tre tiår. Det byrjar på tampen av dei tøffe 1930-åra. Dei neste tiåra gav velstand og vekst for ein stor del av det amerikanske folket, men løfta likevel ikkje alle ut av fattigdomen eller den konstante kjensla av å vere på botnen. Rettare sagt er dei nest nedst, lengst nede er jo dei svarte.
For desse kvite fattige er det særs viktig å markere avstand til afroamerikanarane, rasismen er sterk. I det siste kapittelet blir det kjente Detroit-opprøret i 1967 skildra. Bakgrunnen var at særleg svarte arbeidarar og arbeidslause protesterte blindt og vilt mot dei elendige kåra dei levde under, og mot rasismen i politiet og det amerikanske samfunnet.
Valden merkjer og følgjer familien Wendall. I opningskapittelet møter vi den pur unge Loretta som skal ut på livet ein laurdagskveld. Ho tar kjærasten med heim og har sin seksuelle debut. Utpå natta vaknar ho bokstaveleg tala med eit brak. Ungdomen som har sove på puta ved sida av henne, døyr i ein blodpøl, skoten i hovudet av Lorettas bror.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.