Musikk
Naturens advokat
Ensemblet realiserer ambisjonane til Hole på framifrå vis.
Ensemblet til Sigurd Hole då dei spelte konsert på samtalefestivalen TronTalks ved foten av Tronfjellet.
Foto: Ragnhild Tromsno Haugland
Musikk og politikk heng ofte saman på ulikt vis, men mest indirekte ved at artistar nyttar den kulturelle og moralske kapitalen sin til å støtta ei sak eller hjelpa fram ein politikar. Såkalla programmusikk møter ein sjeldnare, men både Benedicte Maurseths Hárr og Sigurd Holes Roraima og aktuelle Extinction Sounds representerer spanande unnatak. Dei gjer greie for inspirasjonskjeldene sine, men båe greier på overtydande vis å gjere lyduniversa dei tematiserer, gjenkjennelege gjennom instrumenta i ensemblet.
Opptaka til Extinction Sounds er frå urpremieren av verket med same namn frå Tynset kulturhus 21. oktober 2023. Hole set opp to kontrastar som verket spenner over – barndomsminna frå Gammelsætra med insektlydar frå blomeenga, fuglesongen og sauebjøllene, og det ubønhøyrlege faktumet at me er i ferd med å utrydda ein stor del av artsmangfaldet på jorda. Gjennom dei åtte delane verket er sett saman av, får han fram det grufulle dramaet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.