Teater

Nifst, men hysterisk morosamt

Dystopisk samtids­satire morar og svir.

Kyrre Hellum og Carl Martin Eggesbø spelar små kontoristar i eit gedigent våpenfirma.
Kyrre Hellum og Carl Martin Eggesbø spelar små kontoristar i eit gedigent våpenfirma.Kyrre Hellum og Carl Martin Eggesbø spelar små kontoristar i eit gedigent våpenfirma.
Publisert

Det Norske Teatret, Scene 3

Det er fint å kunne ta imot ny dramatikk som er både velsnikra og meiningsfull. Ut frå førehandsomtalene av Det såkalla heisstykket, eit oppsett med to herrar som er på veg til eit møte dei ikkje veit kva inneber, og så stoggar dei i heisen, tja, det kan jo fort få tankane til å fly til både Kafka og Beckett og andre. Men vi merkar snart at dette er teater som står på eigne bein.

Dei to herrane, spela av Kyrre Hellum og Carl Martin Eggesbø, er plasserte i ein scenografi som berre varleg rissar opp det innestengde rommet, mot ein vegg med stendig skiftande, rørleg grafikk, og mot ein tredje skodespelar (Ellen Birgitte Winther), stasa opp som ei blanding av selskapsvertinne og diskjockey, som kommenterer handlinga frå utsida og stundvis «høyrespelar» bipersonar utanfor heisfengselet.

Maktkamp

Dei to er i utgangspunktet både yrkesstolte og altfor forfengelege til å få panikk, men det er typisk at dei møter den usikre og trugande situasjonen med å gå i maktkamp mot kvarandre. I underteksten på dei finurlege dialogane konfronterer dei kvarandre – og oss – med omgrepa ansvar og ansvarsløyse.

Dei jobbar som små kontoristar i eit gedigent våpenfirma, men er berre opptekne av sin eigen karriere, ikkje av kva industri dei bidreg til. Komiske og provoserande er òg meldingane dei to får over høgtalar frå sjefskontoret: inga trøyst, ingen hjelpetiltak, men berre kjeft og nye ordrar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement