Nøgd og optimistiskWillochs ståstad er sigerherrens. Det gjekk slik han ynskte det.PolitikkTorbjørn Røe Isaksen og Kåre Willoch:

Willochs ståstad er sigerherrens. Det gjekk slik han ynskte det.

Kåre Willoch då han heldt tale ved 90-årsfeiringa si.
Kåre Willoch då han heldt tale ved 90-årsfeiringa si.
Publisert

Då professor og stortingspolitikar Anton Martin Schweigaard døydde i 1870, skreiv Aasmund Olavsson Vinje eit minneord langt frå det vanlege for denne sjangeren. I staden for å lovprisa den avdøde gjekk han til frontalangrep på den høgt beundra juristen, økonomen og stortingspolitikaren.

Vitskapen til Schweigaard løyste seg opp i høgst uvitskapleg kasuistikk, og i politikken dreiv han det aldri lenger enn til eit forsvar for det gjevne, hevda Vinje. Men han vart populær på å seie til folk at dei sjølv visste godt nok kva dei skulle gjere. Kåre Willoch kunne nok stå fram som ein irriterande betrevitar i unge år. Men når han no har fylt 90, liknar han vesentleg meir på Vinjes trivelege herre.

Fortid og framtid

Cappelen Damm gjev ut ei bok som inneheld utskrifter av lange samtaler Willoch har hatt med Torbjørn Røe Isaksen, arbeidsminister og Høgre-politikar og nøyaktig 50 år yngre. Fortida i dialog med framtida. Men det vert ikkje mykje dialog. Den gamle statsmannen vert sjeldan utfordra av den unge politikaren, og Willoch dreg ikkje Isaksen og den sittande regjeringa til ansvar for noko som helst.

Ein kunne tenkt seg at den gamle ville ha uroa seg for framtida og den unge ha vore optimist. Men faktisk er det omvendt. Willoch trer fram som nøgd og optimistisk, medan Isaksen dreg fram trugsmål mot ytre miljø og indre samfunnsoppløysing. Willoch avviser det meste av ottene. Han er nøgd med det norske samfunnet som det er, og har tru på at problema kan bli løyste.

Klimakrise? Ja, men det er jo så mykje vi kan gjere. Og dyrt er det heller ikkje. Innvandring? Populisme? Det går nok bra, berre vi forklarer folk kva dette gjeld og kven dei skal høyre på, og berre vi syter for at økonomien går bra. Bodskapen frå den gamle statsmannen blir denne: Politikk er i røynda ikkje så vanskeleg. Folk er flinke nok. Det er berre å styre etter sunn fornuft. Og syne måtehald.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement