Nordisk tone

Carl Reineckes symfoni Håkon Jarl har kraftfull patos.

Carl Reinecke (1824–1910) var Edvard Griegs lærar i Leipzig.
Carl Reinecke (1824–1910) var Edvard Griegs lærar i Leipzig.
Publisert

CD

Han var ein institusjon i musikkmetropolen Leipzig i eit halvt hundreår: Carl Reinecke leia Gewandhausorkesteret i 35 år og var i 42 år professor ved Leipzig-konservatoriet, der han underviste ei rekkje norske musikarspirer. Edvard Grieg, Johannes Haarklou, Johan Svendsen, Christian Sinding og Eyvind Alnæs hugsa han som ein strengt konservativ, men dyktig lærar.

Reinecke blei fødd i Altona, som i dag er del av Hamburg, men fram til 1864 var ein dansk by. Med stipend frå danskekongen studerte han i Leipzig under konservatoriets grunnleggjar Felix Mendelssohn, og i 1840-åra verka han som hoffpianist i København, før han blei kalla til Leipzig i 1860, der han levde til sin død i 1910.

Meir tyngd

Münchner Rundfunkorchester under den belgiske fiolinisten og dirigenten Henry Raudales har dei siste åra gjort ein solid innsats med å gjera Reineckes orkesterverk tilgjengeleg på CD. Av dei tre symfoniane hans kom nummer nr. 1 og 3 ut i 2020. Nr. 2 kom i sommar. Begge albuma byr i tillegg på orkesterouverturar og andre einskildståande, kortare symfoniske verk.

Reudales er god til å framheva dei ulike instrumentgruppene, og i dei raske satsane – som ofte går veldig snøgt – briljerer orkesteret hans teknisk. Mindre omsut syner han for einskildfrasane. Dei svulmande romantiske melodiane, som det er ganske mange av, ville stundom tent på meir tyngd og naturleg patos.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement