Film

Nordlys og kinomørke

Filmmeldarane i Dag og Tid stikk fingrane i Tromsø-snøen og testar ut eit knippe festivalfilmar. Nokre av dei kjem også på kino alt denne veka.

Filmskaparen Mohamed Jabalay held humøret oppe.
Filmskaparen Mohamed Jabalay held humøret oppe.
Publisert

Dei fyrste dagane på Tromsø Internasjonale Filmfestival har sendt meg til Tyrkia to gonger (det interessante rettsdramaet Hesitation Wound og månadens film på Cinemateket, intenst sjåverdige About dry grasses), til Russland med ein slags bygdekinobil (saktegåande Grace), til Canada for å sjå på utruskap (ikkje spesielt god romantisk komedie i Nature of Love) og til USA for å sjå korleis teppeindustrien funkar (litt skuffande Carpet Cowboys). Ingen grunn til å klaga over mangfaldet, som alltid på Tiff.

Ambulerande

Det er ikkje anna enn på sin plass at Tiff vel seg sin «eigen» Mohamed Jabaly til å stå for opningsfilmen i år. Den palestinske filmskaparen kom til Tromsø på utveksling frå Gaza i 2014. Då grensene vart stengde, måtte han i fyrste omgang ufrivillig få utvida opphaldet sitt. Tilbake i Gaza filmar han krigshandlingane, og då han returnerer til Tromsø, vert dette materialet til den viktige dokumentarfilmen Ambulance (2016).

I år kjem han med ny film, Life is Beautiful (Al Haya Helwa), skreddarsydd for Tiff, då filmen handlar om Jabalys prosess for å få opphaldsløyve og alle folka i Tromsø han fangar på film. Med sterke krefter i det norske filmmiljøet har han all verdas støtteapparat for å få dette i boks, men det viser seg at sjølv privilegerte kunstnarar ikkje utan vidare går inn i ein lett prosess i møte med Utlendingsnemnda.

Avslag etter avslag vert følgde i filmen, saman med opptak av Mohamed i samtale med den kjære mor si heime i Gaza. At filmpremieren vart framskunda, er berre altfor opplagt, midt i den forferdelege krigen han og familien no er oppi. Det får opptaka hans frå tidlegare konfliktfylte tider til å bleikna mot det som no går føre seg.

Det er i denne samanstillinga Life is beautiful har sin styrke. Som dokumentar har filmen for lite framdrift og krumspring til å fengja meg som sjåar, utover dei opplagt viktige tematiske vinklingane. Noko som ikkje kan seiast om Mirakelet i Gullspång!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement