Bok
Noveller med saltsmak
Desse forteljingane handlar om arbeid og levd liv.
Ragnar Sandbæk har ein skrivekarriere som er noko for seg sjølv. Han starta med to diktsamlingar på Gyldendal på 1980-talet, med ein Walt Whitmansk energi. Så slo han seg på fiskeriadministrasjon og planlegging, og han har levert seriøse fagbøker om kystsonar og fiskeripolitikk.
Han har underhalde seg sjølv og andre i bandet Dr. Fish – kva anna? – og han var i visemiljøet kring Jack Berntsen i Lofoten. Ved tusenårsskiftet gjekk han ut av utgreiingsprosaen og skreiv poetisk om «Forholdsregler mot haien», før han tok opp det sakprosaiske arbeidet på nytt.
Sjølvbiografisk
I år sender han ut 19 forteljingar, laust knytte til ei livshistorie. Det dukkar stadig opp ein hovudperson som er omtrent på hans alder, frå barndom til alderdom, men som like fullt er oppdikta. Det er ein sjølvbiografi om det han har sett, meir enn det han har gjort.
Men langt frå å vera mimring er det eit pasjonert forsvar for viktig kunnskap. I ein kronikk han fekk pris for av Morgenbladet og Samtiden i 2014, og som han gjengir her, har han fylgjande hovudpoeng: Hans generasjon (han er fødd i 1945) er den siste som kunne greia seg dersom grensene blei stengde og butikkane tomme. For han og hans generasjonsfellar lærte på gamlemåten korleis ein tek opp fisk frå havet, korleis ein sløyer, saltar og tørkar han, korleis ein driv med dyr, dyrkar jord, får inn høy – og alt det som finst av kunnskap på norske småbruk.
I tillegg veit han namnet på alle små og store delar på ein trålar. For hans helt har vore på fiske i unge år. Og det er desse arbeidserfaringane som er viktige for han. Han slår eit slag for «fronesis», skriv han, Aristoteles’ namn på den kunnskapen ein får gjennom sosialt liv og arbeid, og som aldri kan bli til rein teori.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.