Musikk

Ny musikkmeldar: Tor Martin Bøe

Tor Martin Bøe har si første musikkmelding på trykk denne veka.
Publisert

Dag og Tid har vore på leit etter ein ny hovudmeldar for populærmusikk etter at Øyvind Vågnes døydde 7. januar, berre 52 år gamal. Han er ikkje lett å erstatta. Øyvind var litterær, skreiv godt og hadde store musikkunnskapar.

I slutten av januar kom ein e-post frå vår faste skribent Frank Tønnesen, alias Tønes:

«Dette har eg jo ingenting med, men uansett: Tor Martin Bøe er mitt tips. Han er kanskje den personen eg kjenner som kan mest om musikk, og som samtidig klarer å skrive om det på ein bra måte. Han skriv jo i VG (men ikkje om musikk, berre om TV og underhaldning). Han jobbar som kreativ leiar i Knowit og driv for tida Egersund visefestival. Han er rask og fekk S i nynorsk i si tid. Om han kan finne ein stil som passar Dag og Tid, anar eg ikkje. Det er heller ikkje mi oppgåve. Eg er inhabil.»

Inhabile har ikkje røysterett, men vi høyrer likevel på dei. Vi måtte finna ut meir om denne Bøe. At han melder TV og underhaldning i VG, skulle ikkje brukast mot han, og det er klart at ein med S i nynorsk var eit sterkt kort.

Og det synte seg at tipset var godt. Tor Martin Bøe, frå Egersund, busett i Bergen, får gode tilbakemeldingar frå informerte kjelder. Han kan musikk, blei det sagt, og han har mykje av den same musikksmaken som Øyvind Vågnes. Bøe likar tradisjonell amerikansk og britisk rock og indierock – frå Neil Young, Adrianne Lenker frå gruppa Big Thief, The Smiths, R.E.M. og postpønkbandet Joy Division til den eksperimentelle folkemusikaren Richard Dawson frå Newcastle. Men også norsk musikk som Fjorden Baby! og deLillos.

Tor Martin Bøe har drive med musikk heile livet. I elleve år gjekk han i klassisk pianolære, og i 2002 oppretta han ei eiga musikknettside. Han skjøna at det gjekk an å skriva meir inngåande om populærmusikk enn det han las i korte meldingar i avisene.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement