Kunst

Ny og lovande utstillingsarena i Trondheim

Kuratorane tilbyr oss eit frodig mangfald av verk som spriker i alle retningar, nettopp det ein treng etter så lang tid med stengde grenser.

Anna Uddenberg: «Jealous Jasmine», 2014.
Anna Uddenberg: «Jealous Jasmine», 2014.
Publisert Sist oppdatert

Kjøpmannsgata Ung Kunst (K-U-K) er eit storslege tilskot til Trondheims utstillingsflora, ei sjenerøs gåve frå kunstnaren Kjell Erik Killi-Olsen. K-U-K er bygd opp som ein møteplass for kunst og kultur, med hovudvekt på yngre kunstnarskap. Her er heile tusen kvadratmeter til utstillingar. Berre bygget er eit besøk verdt, delar av den eldre bygningsmassen er teken vare på og supplert med ny arkitektur.

Resultatet har blitt eit fleksibelt areal med elleve veleigna utstillingsrom fordelte over to etasjar. Dei fleste av romma har kvalitetar i det vesle og intime, andre er store, med god takhøgd. Det kanskje mest spennande rommet er ein tidlegare bilhall med eit karakteristisk sagtak, som gir fint overlys.

Mangfaldig

Med brask og bram har dei opna med ei omfattande utstilling på 60 verk av 29 kunstnarar frå 16 forskjellige land. Kuratorar for utstillinga er danske Rhea Dall, leiar for Institutt for Samtidskunst i København, og kunstnarduoen danske Michael Elmgreen og trønderske Ingar Dragset, som sidan 1990-talet har markert seg internasjonalt med installasjonane sine.

Det er herleg å sjå så mange nye verk, fleire av arbeida er laga spesielt for utstillinga. Kunstnarane er jamt over unge, sjølv om kuratorane ikkje har teke så mange sjansar. Alle 29 er alt vel etablerte på den internasjonale kunstscena.

Dei gamle er eldst?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement