Film
Nyansert og underhaldande drama om aldersforskjell? Ja takk!
Julianne Moore som Gracie Atherton-Yoo og Charles Melton som Joe.
Foto: Netflix / Ymer Media
Skodespelar Elizabeth (Portman) skal spela rolla som Gracie (Moore), som hamna i fengsel då det vart oppdaga at ho venta barn saman med 13 år gamle Joey (Melton).
Sladderpressa og tvilsame TV-filmar om det skandaløse forholdet har alt gjort sitt for å øydeleggja for familien, som no har tre nesten vaksne ungar å ta omsyn til, men Elizabeth lovar at dette vil gje dei oppreising heller enn å gjera livet til eit helvete nok ein gong. Mon det.
Lyt og lær
Ein ny Todd Haynes-film er god grunn til å skru opp forventningane (Dark Waters frå 2019 og Carol frå 2015 kan nemnast som døme). Det har teke vinter og vår før denne siste endeleg har kinodistribusjon i Noreg, men eg vil påstå det var verdt å venta på. Så var det sagt.
Det er ikkje dermed sagt at det er ein lytefri film, men det kan ikkje ha vore meininga heller. Den verste «feilen» er Natalie Portman. Ho er så falsk og tilgjord at det gaular «slem karakter» av heile rolla. Altså ville eg sagt lite truverdig, sidan dette er eit plott med uendeleg mange lag og nyansar.
Men så, etter kvart, fungerer desse opplagt provoserande trekka som ein slags spegel, der dei andre karakterane tydelegare får vist fram sine mange sider, ikkje berre einsidige dei heller. Ubehaget som set inn alt frå starten, har også ein spegeleffekt på meg som sjåar: Er eg villig til å gå med på at ein 36-åring kan ha eit uproblematisk amorøst forhold med ein 13-åring sjølv om dei tilsynelatande har det fint 25 år seinare?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.