Film

Nymotens Alien

Trass i rik tradisjon og nytt blod er den nye Alien-filmen middels.

Ei gruppe unge romkolonistar undersøkjer ein forlaten romstasjon og kjem andlet til andlet med det mest skremmande vesenet i verdsrommet.
Ei gruppe unge romkolonistar undersøkjer ein forlaten romstasjon og kjem andlet til andlet med det mest skremmande vesenet i verdsrommet.
Publisert Sist oppdatert

Rain (Spaeny) arbeider for eit griskt selskap på ein planet utan sol. «Broren» Andy (Jonsson) er ein godlynt og keitete android som fortel teite vitsar. Tilsette døyr tett. Kompisen deira Tyler (Renaux) og venene vil rømme via ein forlaten romstasjon. Skal tru om nokre stygge skapningar der vil stagge dei?

Ungdommen

Cailee Spaeny er ikkje Sigourney Weaver. Ho var super i tittelrolla i Priscilla, men er litt snill i stilen her. David Jonsson viser talentet sitt når Andy byter chip. Han slår om frå søt og koseleg til urovekkande målretta. Eg likar at han ikkje ter seg som eit menneske, motsett av den sjarmerande rolla i Rye Lane i fjor. Dei andre figurane er klassisk fyllstoff: ein solid ven, ein uvørden frekkas og ei jente som spyr, som i slike filmar er synonymt med å vere gravid.

Den uruguayanske regissøren Fede Alvarez har erfaring med middels sjangerfilmar i USA. Han tek Alien-rekkja i retning typisk skrekk, i kontrast til meir episke Prometheus frå 2012. Vi møter ein kjekk ungdomsgjeng som må bryne seg på nokre monster. Ein kvepp. Det er ekkelt. Den ikoniske utsjånaden til monstera som frå originale Alien i 1979 framkallar grøss og gru. Men heller enn eit forfriskande innlegg i filmserien kjennest dette kapittelet som eit kalkulert trekk for å nå nye publikumsgrupper.

Mimringa

Manus byggjer nok meir på marknadsgranskingar enn fri flyt av kreative tankar. Ein kan sjå dei fleste vendingar kome. Alt er forklart for grundig. Folk snakkar for mykje. Musikken er massiv. Ei scene er unntaket som minner om at stille er den skumlaste lyden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement