Og bakom skrik skogane

Ingen grunn til å vera skeptisk til at krimforfattar Harlan Coben kjem i polsk utgåve.

Den polske miniserien går på NRK.
Den polske miniserien går på NRK.
Publisert

På ein idyllisk ungdomsleir høyrer Pawel (Milkowski) og Laura (Filus) grufulle skrik frå skogen. Fire av leirdeltakarane har forsvunne, blant dei systera til Pawel, og to av dei blir funne drepne. Spol tjuefem år fram i tid, og Pawel (Damiecki) og Laura (Grochowska) møter fortida igjen. Kva skjedde eigentleg den gongen i skogen?

Fordommar til sides

Polsk TV-krim? Eg skal innrømma at fordommane set inn, og eg ser for meg austblokk-blokker, gråtonar, stille stirring og alvorleg sosialrealisme. Alt dette blir gjort til skamme i The Woods. Filmatisk har det meir til felles med elegante, hollywoodifiserte skandinavar som Morten Tyldum og Tomas Alfredson, med ein dus sepiaglød, reine linjer og pene klede. Og alle menneska er utruleg hippe og kule, heilt ned til statisten som spelar laboratorieassistent.

Serien er basert på amerikanske Harlan Cobens bok The Woods – kanskje det har gjort sitt til at ein har gått for eit så glatt uttrykk? Eller så er det berre ein vellaga, påkosta produksjon som er representativ for Polen i desse dagar. Skal ein tru norske filmar som når utlandet, bur me jo alle i ein avsidesliggande dal og køyrer traktor til butikken, utan at eg synest det representerer mitt syn på Noreg.

Solid

The Woods har i grunnen alt eg ynskjer meg av ein TV-krim: blanding av fortid og notid, minst mogleg makabre drap, mange trådar som skal nøstast saman av kloke menneske. Og menneska er verkeleg likandes og ikkje så reint lite komplekse. Ein kjem innpå dei, noko som alltid er ein styrke når det handlar om personlege drama. Og det er det i største grad. Faren med at alle kjenner alle, og at det er dei næraste som forsvinn, gjer også at det av og til bikkar over til å verka for utruleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement