Olav H. Hauge-dagbøkene: Bibelen er det sentrale verk for oss europearar, og me kan ikkje forstå vår soge, vår kultur, vår tenkjing, vår kunst utan å granska Bibelen
Teikning: May Linn Clement
21. april 1952
Bibelen. Du leitar etter visdom, – du meiner då det, endå det er eit spursmål um du meiner noko ærleg med leitingi og granskingi di – men før eller seinare lyt du gjenom Bibelen. Du lyt i alle fall i kast med denne boki og prøva forstå etter fatig evne.
Bibelen er det sentrale verk for oss europearar, og me kan ikkje forstå vår soge, vår kultur, vår tenkjing, vår kunst utan å granska Bibelen, og prøva gjera oss upp ei meining kva grunntankar han ber fram.
Herrens bod, den strenge formaning um å søkja det åndelege tarv og den sanne visdom, gjenom heile Det gamle testamentet, og til me fær lovnaden og den endelege løysing med Kristus. Heile boki peikar fram mot han, Gud og sant menneske i liv og død.
No, dette var dei store linone. Men me treng ikkje ta heile boki for å ha nytte av lesnaden. Me kan velja oss ein minder bolk, og gjera framgang i ånd og vit. Og henta kraft.
Ta til dømes «Salomons ordtøke». Eg for min part har lenge nok med dei, for denne mannen har vore vis. Og eg fester meg serleg med alt snakket um dåren og hans liv. For eg er sjølv dåren. Er og vert. Dåren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.