Musikk
Om å seia berre det vesentlege
Eyolf Dale Trio er rett og slett komplett.
Eyolf Dale har skrive alle låtane på albumet.
Foto: Dale Stapleton
Etter The Wayfarer (2023) må Eyolf Dale leva med forventningspress. Miksen av solid låtmateriale, samspel og improvisasjon på øvste hylle gjorde plata til eit høgdepunkt dette året. Den enkle konklusjonen er at Dale med When Shadows Dance innfrir og leverer på alle omkverve.
Komposisjonane er mangefasetterte, og Dale er flink til å gje låtane talande titlar. Han har skrive alle ni. «Driving through, passing by» har nettopp dette elementet av noko forgjengeleg som ein kan forventa av ein låt med ein slik tittel.
Det som likevel gjer denne trioen unik, er ei evne til å føra den særeigne stemninga i komposisjonen over i det improviserte. Kleive er ein meister i å groova, men lytt til det fargeleggjande spelet hans på den impresjonistiske «Silent shores». Denne trioen fortel historier som få andre, med ein sans for dynamikk og dramaturgi som ein må leita lenge etter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.