Bok
Om å søkke eller flyte
Illustrasjon: Sigbjørn Lilleeng
Å vente på ei ny barnebok av Rune Belsvik er som å vente på regn over molda om våren. Endeleg kan ein få drikke seg utørst i det reine, friske språket som sildrar og renn over sidene som kjeldevatn.
Fugleguten fortel om Lukas. Han kan vere åtte–ni år gamal. Belsvik er ein meister i å skrive til, og frå, barnet i seg. Perspektivet ligg hjå guten. Vi ser det han ser, forstår det han forstår, og undrar oss over korleis alt plutseleg kan bli kjekt av seg sjølv, før alt som var kjekt, er borte igjen: «Han orkar kanskje ingenting. Han passar ikkje inn ved dette bordet.»
Lukas prøver å halde fast i det kjekke, slik han held fast i fuglane han matar og temmer. Det går ikkje. Anten flyg dei sin veg, eller så døyr dei.
Sjølv om forteljarperspektivet ligg hjå Lukas, er lesarperspektivet litt vidare. Vidt nok til at vi skjønar at ting slett ikkje er slik han fryktar: Mamma er like glad i Lukas som i veslesøster Alma. Pappa er stolt av guten sin. Dei andre i klassen vil komme i bursdagen. Nico er ein ekte, god ven som bryr seg om han: «Dei snakkar om kva for eit tre dei ville bygge reir i, visst dei var fuglar.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.