Bok

Om å vera god nok

Tina Åmodt skriv innsiktsfullt og ærleg om store etiske problem i det vesle livet.

Tina Åmodt debuterte som forfattar i 2010. I 2015 fekk ho Stig Sæterbakkens minnepris.
Tina Åmodt debuterte som forfattar i 2010. I 2015 fekk ho Stig Sæterbakkens minnepris.
Publisert Sist oppdatert

Få vert vel skremde av skrøner om dodraugen, men sanninga om donoren er det stundom verre med. Noko slikt er i tankane til Silje Marie i den nye romanen til Tina Åmodt. Silje er gift med Helene, og dei har båe fått ein son, først fekk Silje Olav, deretter var det Helene som fekk Henry, men med ulike og anonyme sæddonorar.

Silje har nok tenkt over somme problematiske sider ved det etiske i sjølve handlinga, men dette vert forsterka då ho ein dag møter Mayliss, som har ein son, Nicolai, som er prikk lik Henry. Silje får seg ikkje til å fortelja om dette til Helene, først og fremst av di ho for ei tid sidan hadde eit sidesprang med ei ung kvinne som for det meste vert kalla Fitnes-Guri. Den hendinga har gjort noko med klimaet i heimen, relasjonen mellom Silje og Helene har gått inn i ei istid.

Er det rett?

Perspektivet er hjå Silje, som fortel om sin tvil om eigne evner som mor. Ho kan ikkje med handa på hjartet slå fast at ho er like glad i Henry som i Olav. Og kjenslene for Helene er knapt til stades i det heile. No har Helene teke ungane med seg på ferie frå Oslo til Trøndelag, der ho kjem frå, medan Silje er attende i huset deira og gjer klart til oppussing.

I det førebuande arbeidet får ho tid til å tenkja. Har dei gjort det rette? Korleis vert det for gutane å veksa opp utan far? Ein stad i verda finst det jo også no truleg farmødrer og farfedrar som ikkje veit at dei har barneborn. Og, just slik ei aktuell sak her til lands syner, finst det også truleg halvsysken rundt ikring.

Silje ser at alt dette kan vera problematisk, men ho diskuterer saka mest med seg sjølv. Skal ein finna ut om ei handling er rett eller feil, moralsk sett, lyt ein leita etter meir enn slike argument som talar for saka, og Silje finn helst dei som talar imot handlingane. Det er ei vitskapleg innstilling som er intellektuelt rosverdig, men sosialt og personleg nedbrytande. Kvart einaste nye menneske i verda er eit sosiologisk eksperiment.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement