Omstilling, omstilling, omstilling
Boka til Erna Solberg er ei personleg framstilling av krava kvar og ein møter under den nye staten.
Høgreleiar Erna Solberg la ut på sommarturné i ein ny Høgre-buss i fjor. No har ho skrive bok om vegen vidare.
Foto: Ole Berg Rusten / NTB
Dette er inga ordinær debattbok eller ein politisk pamflett. Vi møter ei hybridform, ei blanding av personlege vurderingar og kva for politiske utfordringar nær framtid vil bringe. Forfattaren opplyser at ho alltid har vore inspirert av Sjur Lindebrækkes bok frå 1973 med same tittel.
Sjølvsagt vil boka verte brukt som rettesnor i kommunevalkampen og heilt fram mot 2025. Eg tilrår alle med politisk interesse å lese boka. Eitt er at ho er velsigna fri for vulgære utfall mot annleis tenkjande. Solberg brukar plassen til å skissere ritt eigne oppfatningar, noko fleire burde leggje seg etter. Ymse er, som vi er vortne vane med, til forveksling likt tankegodset i Ap. Nokre føresetnader og tankestrukturar kan vere noko ulike og bør løftast fram til diskusjon.
Tematikk
Naturlegvis krevst omfattande tenking kring statlege utgifter, så lenge så store delar av utgiftene er knytte til helse, omsorg og utdanning, altså velferdsstaten.
Men høgreleiaren er lite oppteken av næringslivet som inntektskjelde for nasjonen. Tre fjerdedelar av boka tek for seg velferdsstaten: skule og utdanning, helseføretak, rusomsorg, psykisk helse og kommunale oppgåver knytte til ve og vel for oss alle. Berre eit kapittel på elleve sider tek for seg «Omstilling av næringslivet», fylgt av vel fire sider om «Det grønne skiftet». 15 av 207 tekstsider, altså berre 7,25 prosent av heile boka, har beinveges relevans for næringslivet. Industrien er knappast nemnd.
Samarbeid mellom private og offentlege institusjonar er ikkje uventa framstilt som eit stort gode. Private inntekter av slikt arbeid er likevel ikkje drøfta som offentlege utgifter. Men private verksemder er mest omstillingsviljuge, må vite.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.