Den siste tida har austerrikske Joseph Roths forfattarskap hatt eit oppsving her til lands og elles rundt i Europa. Gesammelte Werke kom på tysk i 2015, og fire titlar omsette av Geir Pollen og Stein Dahl Mathisen ligg føre frå 2014 til 2024: Novellesamlinga Legenden om den hellige drankeren (2014), essayet Jøder på vandring (2015) og romanane Den falske vekten (2020) og årets bok Opprøret. Men alt i 1933 var romanen Radetzkymarsjen (på tysk i 1932) ute i norsk språkdrakt, omsett av Charles Kent, og eit anna av Roths hovudverk, romanen Job, kom på norsk i 1977 ved Nils Magnus Bugge.
Likevel, det er først i dei siste ti åra at Joseph Roths forfattarskap er løfta fram her i landet, takk vere Solum Bokvennen.
Alkoholisme
Joseph Roth (1894–1939) blei ingen gammal mann, og slutten av livet hans var prega av tung alkoholisme. Han døydde i eksil i Paris etter å ha flykta frå nazistane, slik også Stefan Zweig, Robert Musil, Hermann Broch og Franz Werfel måtte. Alle bar med seg Verden av i går, Habsburgmonarkiets samanbrot etter første verdskrigen og den verdikrisa dette skapte hos mange, ikkje minst hos Joseph Roth.
Opprøret kan fort lesast inn i denne verdikrisa, der samfunnspilarane kyrkje, stat og rettsvesen blir sette i spel og spørsmålet som melder seg, blir kven som skal beskytte dei fattige og forkomne. Gjennom hovudpersonen Andreas Pum blir dette belyst, frå ei nærast naiv og underdanig tru på orden og rettferd til eit himmelstormande opprør mot heile samfunnsstrukturen.
Andreas Pum er krigsinvalid. «Han hadde mistet et bein og fått en medalje», og denne medaljen gjer han i eigne auge til ein respektert samfunnsborgar. Etter kvart får han ein beinprotese og lisens for å spele lirekasse rundt omkring i byen. Det går så bra med han at han til og med kan gifte seg med ei enke. Men kor lenge var Adam i paradis?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.