Film
Opprørsk (av) natur
Størst av alt er kjærleiken, men til kven eller kva?
Banel og Adama bur i ein avsidesliggjande landsby i Senegal og har vore gifte i eitt år.
Foto:
Livet smiler til det unge ekteparet Banel (Mane) og Adama (Diallo), som gjeter buskap på dagen og grev eit fråflytta hus ut av sanden utanfor landsbyen på kveldstid.
Banel vil helst verken ha ungar eller ansvar, berre henga med Adama. Når tørketida kjem og folk forventar at han skal ta over som landsbyhøvding, vert denne idylliske kvardagen truga.
Språkleg
Kvardagen på den senegalesiske landsbygda er ikkje akkurat kvardagskost. Eller – han er jo det for dei innvigde, dei som bur der, og som kanskje ikkje kjenner til så mykje anna enn dette universet. Ein kan av og til få inntrykk av at heile verda er ein einaste storby der alle har smarttelefon og internett og straum. Desto viktigare er det at regissørar som Ramata-Toulaye Sy tek på seg å presentera noko ganske anna.
Og ho gjer det på ein aldeles nydeleg måte, ikkje berre fotografisk, men med den fortetta forteljinga som stadig blir driven framover, særleg av Banels opprørske natur. Ein treng ikkje sosiale medium for å ha sterke meiningar. Og det som ikkje vert ytra i reine ord på språket fulfulde, kjem fram i ansiktsuttrykk og kroppsspråk, klart og tydeleg.
Natur og kultur
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.