Film
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
I ein fransk forstad tek legen Pierre (Manenti) ordførarrolla framom varaordførar Roger (Tientcheu), sjølv om sistnemnde kjenner strøket klart best. Unge Haby (Diaw) er ei populær ung kvinne som hjelper folk med bustadproblem.
Ordføraren vil helst jamne blokka ho bur i, med jorda. Haby lèt seg ikkje pille på nasen. Ho og kameraten Blaz (Luyindula) er rasande, men har ulik strategi. Som i røynda kan konfliktar ta kjapt av.
Finslipt
Då Ladj Ly debuterte som regissør med De elendige i 2019, hylla eg filmen hemningslaust. Han held seg i same strøket, der han vaks opp. Ly forstår problema og politikken. Tematisk ligg De uønskede tett på debuten, sjølv om fokus er dreia over frå politivald og småkriminelle miljø til byutvikling og politikk. Om temaet dels er gentrifisering, er filmen litt for oppussa. Dei ru kantane frå debuten er slipte ned.
Ein høyrer det på musikken med det same: klare signal om dramatikk. Skodespelet er litt tydelegare, replikkane meir finstuderte. Kjensla av melodrama gjer meg mindre engasjert. Når det er sagt, er Haby ein figur eg heiar heilhjarta på, og Anta Diaw er lovande i hovudrolla.
Det er fint å sjå fleksibiliteten til Alexis Manenti, som var hardbarka politi i førre film. Som høgt utdanna ordførar lukkast han i å skape ein heilt annleis figur. Steve Tientcheu spelte gatesmart leiar sist, og han er solid igjen som varaordførar i klem mellom gruppa han høyrer til som barn av afrikanarar, som kom med tomme hender til landet, og den politiske klassen i Frankrike.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.