Bok
Orda mellom oss
Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.
Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
«Orda den andre forstod, kunne ingen av oss.» Slik står det ein stad i den forunderlege romanen Om du var et menneske, som mest er skriven av Sunniva, som er tekstens kvinnelege herre, dinest av Daniel, som i dette gjer nytte som sonen, og på snodig vis også av Google Translate, som då får plassen, slik eg ser det, som Den heilage ande.
Av denne treeininga får lesaren vita sanninga om kor vanskeleg det er å få ein ung kongolesisk mann til Noreg for å gå på folkehøgskule og kanskje utdanna seg vidare. Daniel er denne mannen, som held til aust i det veldige landet Den demokratiske republikken Kongo, av Utlendingsdirektoratet (UDI) karakterisert som eit land med eit enormt potensial for emigrasjon.
Byråkratiet er difor særs restriktivt når det gjeld å sleppa folk frå den kanten inn i landet for lengre opphald, då ein ikkje reknar med at dei vil dra attende.
Tekstmeldingar
Sunniva i boka har, etter det eg forstår, jobba med eit bistandsprosjekt, og ho har møtt Daniel, som då har vore i Noreg ein tur, truleg i høve det same prosjektet. Ho har halde kontakten med han, og hjelpt han litt med pengar. I den første dryge tredelen av boka sit ho i ein stadig avbroten telefonsamtale med eit byrå for overføring av pengar, der lite vert tatt for god fisk, dei sjekkar på alle baugar og kantar om det kan vera noko muffens i dette.
Medan den elles høviske telefonpersonen i den andre enden må høyra med andre om alt mogleg, sit Sunniva med ei mengd utskrifter av tekstmeldingar og anna mellom ho og Daniel. I desse tekstane, som vekslar og omset mellom norsk, fransk, swahili og anna, veks det fram ein slags poesi, der det særleg er Google Translate som kjem med gode, om enn ubegripelege framlegg, då Sunniva og Daniel ikkje har noko sams språk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.