Teater

Ordflaum om meininga med livet

Måten rapartist Benedicte Izabell Ekeland framfører ein lang monolog på ei naken teaterscene på, er imponerande. Men kva snakkar ho om i nesten ein time?

Rapartist og skodespelar Benedicte Izabell Ekeland imponerer i monologen om Cassandra.
Rapartist og skodespelar Benedicte Izabell Ekeland imponerer i monologen om Cassandra.
Publisert

I eit rom med avrunda hjørne står ein krakk og eit mikrofonstativ. Taklamper sender ut eit skarpt kvitt ljos. Det vert etter kvart skrudd over i mjukt rosa, varm oransje, men òg i kaldare fargar.

Denne omgjevnaden er alt scenograf Phillip Isaksen har gitt skodespelar Benedicte Izabell Ekeland. Ho har berre si eiga stemme å lite på der ho snakkar rasande fort, men òg i rolege bolkar. Tidvis tek ho pause i ordflaumen og stiller seg nær oss der vi sit. Då ser ho rett i augo våre og held blikket i fleire sekund utan eit ord. Men ikkje så lenge at det vert utriveleg. Verknaden er at eg får lyst til å forstå kva som bur i hovudpersonen Cassandra.

Imponerande

Ekeland har også musikk ho kan lene seg mot. Tonane, fint komponerte av Gaute Tønder, smyg seg ut i rommet og skapar ulike stemningar rundt talen hennar.

Det er ein imponerande prestasjon å hugse så mange ord, særleg fordi manuset skildrar så lite handling. Fredrik Høyer og Mattis Herman Nyquist har skrive ein stream-of-consciousness-tekst der unge Cassandra hoppar frå den eine til den andre opplevinga, ofte i ei opplisting av omgrep.

Vi får høyre korleis ho rende etter ein hettegenserkledd tjuv, men snubla i ei steinhelle og fall. Så minnest ho ei reise med Aeroflot til Asia. Men flyet vart ståande på ein flyplass i Russland utan at passasjerane fekk noka forklåring. Til slutt blei ho innlosjert i ein luksuriøs hotellsuite. Utan å fatte kvifor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement