Bok

Overdådig paradoks

Biografien om Georg Johannesen er storarta.

Georg Johannesen saman med borna Edda (i baugen) og Julius.
Georg Johannesen saman med borna Edda (i baugen) og Julius.
Publisert Sist oppdatert

Ingen som opplevde eller blei utsett for Georg Johannesen (1931–2005), stilte seg likesæl. Til det var mannen og det mangfaldige verket han skapte, for sprutande av energi og provokasjon.

På sitt beste, og det var han ofte, verka poeten, essayisten og polemikaren Georg Johannesen som ein litterær skjerebrennar som skar seg gjennom flosklar, slappe omgrep og tenkemåtar. Her var han eineståande.

På sitt verste, og det var han rett som det var, var Georg Johannesen full av rabiate personåtak bortanfor både folkeskikk og slikt som kan skape rasjonell samtale og kommunikasjon.

I alt dette kunne han også ofte ha ein gedigen underhaldningsverdi, om ein då ikkje blei råka av vreiden. På to bein var det som om han åleine skapte eit offentleg karneval. Stundom datt han ned på nivået til ei russeavis.

Vinteren 1986–87 ringde han meg på stipendiatkontoret på Blindern. «På høyden» i Bergen hadde han fått ein idé om å råke ein varig fiende, litteraturprofessor Edvard Beyer. Georg Johannesen ville at det skulle lagast eit festskrift til professoren. Det skulle overleverast på 67-årsdagen hans: «For då må han gå av!» Latteren skralla gjennom fasttelefonen frå Bergen.

Rastlaust fyrverkeri

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement