Film

På det ujamne

Alt skal bort kjennest relevant, men ikkje brennaktuell.

Tre vaksne søsken (Torbjørn Eriksen, Silje Salomonsen og Tomas Alf Larsen) kjem saman for å tømme barndomsheimen etter at faren døyr.
Publisert

Far døyr, og det blir opp til dottera Ellen (Salomonsen) å halda i trådane når dei svimete brørne, hotshot-komponist Carl-Olav (Eriksen) og umoden trebarnsfar Amund (Larsen) skal vera med og rydda dødsbuet.

Mor Elisabeth (Osa), som forlét dei for tretti år sidan, kjem plutseleg på banen igjen, tilsynelatande mest for å sikra seg flygelet som ein gong tilhøyrde Geirr Tveitt.

Storesysterleg

«Stavangerfilm» er ein slags eigen sjanger, og regissør Arild Østin Ommundsen starta trenden med det som må kunna kallast ein moderne klassikar etter kvart, nemleg Mongoland (2001). Sidan har han kome med ei rekke fine om enn ujamne filmar som Monstertorsdag (2004), Eventyrland (2013) og Now It’s Dark (2018), i tillegg til den prisvinnande barnefilmen Tottori! Sommeren vi var alene (2020). Her spelar ungane hans hovudrollene, og medregissør er mor deira og kona hans, Silje Salomonsen, ein fast samarbeidspartnar på stort sett dei fleste filmane han har laga sidan 2004.

Det er også Salomonsen som ber hovudrolla i Alt skal bort, som frustrert, fråskild tenåringsmor som lyt halda styr på det heile, som den storesystera ho er.

Ho køyrer full martyrmodus, noko som er ein smule slitsamt å sjå på, men forståeleg nok med så ansvarsfråskrivande brør. Likevel har dei ein lett og ledig kjemi seg imellom, gjenkjenneleg frå nettopp slike filmar me kjenner frå Ommundsen, til liks med morosame sidekarakterar og tidvis artig dialog.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement