Bok

På eventyr rundt hushjørnet

Jan Rabben hjelper oss til å sjå den nære naturen.

Fuglekonge.
Fuglekonge.
Publisert

Ein finn ikkje noko før ein kjem der det er, meinte Ivar Aasen. I boka Fuglar og dyr rundt huset i skogen lar Jan Rabben heller det som skal finnast, kome dit han er.

Den erfarne naturfotografen har i ei rad bøker vist fram fauna, flora og landskap frå ulike kantar av Vestlandet. Denne gongen held han seg heime. For huset i skogen er heimen til fotografen sjølv på Stord.

Det er med andre ord den nære naturen sin tur: Rabben peikar ut fugle- og dyreartane som ferdast nær huset. Og han kjem ekstra nær dei ved å sitte i skjul, studere dei og vente på den rette augeblinken til å få eit godt bilde.

Forstå meir

Tittelen tyder på eit jordnært verk. Men føreordet spenner opp eit vidt og mørkt bakteppe: Fuglebestandane i Europa har minka med 600 millionar individ sidan 1980. Det er noko «ein ikkje utan vidare legg merke til utan ein viss kunnskap», legg Rabben til.

Så gyv han laus på å gi oss nettopp kunnskap om artane han har tett innpå livet. Boka bør inspirere alle som vil forstå meir av det som rører seg utanfor stoveglaset eller hytteveggen. Og den som har ein naturfotograf i magen, kan plukke med seg gode råd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement