Bok
På lag med lesaren
Illustrasjon: Åshild Irgens
Personane som Maria Parr diktar opp, lengtar etter stadfestande og trygge relasjonar, slik er det både for Trille i Knert-Mathilde og for Tonje i Glimmerdalen. Når Parr debuterer som Samlagets Leseland-forfattar, er denne lengten framleis ei drivkraft i forteljinga.
Eg-personen ynskjer seg ein storebror, slik Ole og Sivar har. Då kunne han fått sitje lenger bak i skulebussen, han også. Sjølv har han berre ei dum veslesyster som teiknar stygge stigar i skulebøkene hans. «Kan du teikne brannbilen? Ver så snill», masar ho.
Boka inviterer til eit lagspel mellom lesar, tekst og illustrasjonar. Slik greier historia seg i den lettlesne forma sjangeren krev, utan å sleppe taket i forteljargleda og det litterære overskotet som elles pregar forfattarskapen til Maria Parr.
Skulebussen, klasserom-
met, fotballtreninga og leksene på kjøkkenbordet heime: Boka sentrar til lesaren ved å velje kvardagslege, kjende scener. Åshild Irgens sender gode langpasningar ved å legge vekt på detaljar, blikk og stemningar. Indre og ytre dialog held ballen i laget, og forfattaren set ballen i mål: «Eg har ingen storebror. Eg er ein storebror, tenkjer eg.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.