Bok
På sporet av livet og lagnaden til ein grandonkel
Historieforteljinga er interessant, men har tynt biografisk kjeldegrunnlag.
Brudebildet, sendt frå Ole i Mexico til far Edvard i Rendalen i 1910, som blei gøymt bort på ein kistebotn, inspirerte seinare Vegard Bye.
Foto: Privat
Vegard Bye er politikar, journalist og forfattar. Han har utdanning som statsvitar og er seniorforskar ved Nupi. Han har særleg arbeidd med latinamerikanske spørsmål og nord–sør-problematikk. Gjennom åra har han vore ein flittig skribent og mellom anna skrive samfunnsanalytiske bøker om Sør-Amerika.
Med boka om Ole frå Rendalen går han inn i det meir familiære landskapet og freistar å gje eit bilete av grandonkelen sin. Utgangspunktet for boka er spennande.
Eit uønskt barn
Ole Akre fødd i 1876, utanfor ekteskap. På den tida var det stor skam knytt til å vere lausunge. Då faren gifta seg og stifta familie, blei Ole ståande utanfor fellesskapen, som eit uønskt og utstøytt barn.
Han blei send til slektningar i Amerika som tolvåring, heilt på eiga hand. Vegard Bye blei for alvor nyfiken på grandonkelen etter at det blei funne eit bryllaupsbilete av Ole og den meksikanske kona hans. Frå før visste Bye mest ikkje noko om slektningen sin; det hadde blitt tala lite om Ole i familien.
I USA budde han i starten hos ei tante og ein onkel i ein liten by med ein høg prosentdel skandinavar. Ole voks opp i ein tidsalder med mange teknologiske nyvinningar og blei tidleg nyfiken på elektrisitet. Etter kvart fekk han jobb i eit av dei ekspanderande elektriske entreprenørselskapa i landet. Jobbkarriere var truleg grunnen til at han som 29-åring flytta vidare til Mexico i 1906. Her blei han i alle høve personaldirektør i eit anna stort industriføretak, Mexican Light and Power Company. Det var turbulente tider, og «gringoar» blei ikkje sette på med venlege auge.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.