Palmesundag 1983
Teikning: May Linn Clement
Litt nysnjo. Kaldt. Sol. Eg las gjenom Sne av Kielland. Else og Sne, desse stutte romanane, er kanskje med det beste han har. Eg skynar ikkje Hans Jæger som kan skriva slik han gjer i Impressionisten um Sne.
Eg forstår det når eg veit at Kielland ikkje vilde stø han i rettsaki mot Kristiania-bohemen. Nei, Sne er eit lite meisterverk. Det er 100 år sidan boki kom, men ho er like aktuell.
Presten Daniel Jürges lever med friskt liv, du tarv ikkje gå langt for å finna han. – Likevel, Else skildrar Stavanger, der er Kielland heime. Miljøet er meir tenkt, i ei skogbygd, og vert ikkje so hoggande godt set, meir generelt.
Eg har ein trufast mann nede i Danmark, Eske K. Mathiesen. I går kom ei ny bok frå han. Nytt band av Almanakhistorier, altso III. Visdomskilden heiter denne. Ei liti samling eventyr eller mytar kan ein kalla boki. Eg las boki i går kveld, ho er ikkje stor.
Ja, slike bøker skriv ingen her i landet; anten kan dei ikkje gjera det eller dei ikkje torer. Her må det vera kald, krass realisme, seg setja seg til å laga mytar og eventyr! Nei, norske forfattarar held seg framleis etter Georg Brandes lov.
Ein tanke lyt ein dag greida seg åleine, utan stønad av presens eingong. Du kjem attende til han, år etterpå. Han er der framleis, fær deg til å stogga og tenkja etter. Poesien i dag – nokre janglestrå i ein ørken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.