Film
Pappajenter
Denne fintona dokumentarfilmen riv i hjarta.
Ei dotter møter faren som sit i fengsel.
Foto: Netflix
I eit fengsel i Washington D.C. førebur fedrar seg på å møte døtrene sine. Det er fyrste gong på veldig lenge for dei fleste. Heime grundar døtrene på kva forhold dei har til fedrane.
Mange gler seg. Nokre gruar seg snarare til å møte ein framand far som har skuffa. Alle er spente på «Date With Dad», ein dag då desse får møtast stivpynta for ein prat og ein dans i gymsalen til fengselet.
Smelteverk
Døtre er full av fine folk. Vi veit ikkje kva mennene har gjort, men lengdene på nokre straffer tyder på at det ikkje er småting. Men dei er ikkje dumme. Sjølv desse har mykje godt i seg. Det raknar sjølvsagt i eigne tårekanalar når hardbarka menn græt i møte med borna.
Nokre av jentene er tenåringar. Andre yngre. Stjerna over alle er fem år gamle Aubrey. Ho er god i matematikk og reknar på kva tid faren blir fri att. Stundom slår håpet rekninga. Ho sjarmerer meg i senk.
Ein kan ikkje anna enn å smelte fullstendig. Møtet gjer noko med mennene òg. Målet er at dei ikkje skal ryke inn igjen når dei slepp ut, og at dei skal påverke døtrene meir positivt. Kanskje blir dei mjukare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.