Film
Passeleg sentimental, passeleg brutal
The Inspection treffer både dei som likar militærfilmar, og slike som meg.
Unge, homofile Ellis (Jeremy Pope) vervar seg som marinesoldat for å koma seg vekk frå gata.
Foto: Ymer Media
Ellis, eller French (Pope), har budd fleire år på gata etter at den konservativt kristne mor hans (Union) kasta han ut fordi han er homofil. Ein av få sjansar han har til å koma seg vekk frå uteliggjarlivet, er å verva seg som marineinfanterist. Snurr film.
Rulett
Ung, svart homofil mann i militæret – grøss, er det fyrste eg tenkjer. Det er duka for så mykje ubehag, all den tid ein berre tenkjer på skrekkhistorier om homofobi og rasisme knytt til den type macho institusjonar. Handlinga er lagd til 2005 og basert på erfaringane til regissøren Elegance Bratton, så i det minste veit eg at han overlever til slutt...
På den skildra tida var det Irak og president Bushs krig mot terror som gjaldt. Filmen klarar få fram det ufattelege i at nokon i det heile teke vil verva seg frivillig til det som kunne verka fånyttes, og som ein russisk rulett på mange måtar. Det same ville eg sagt om nokon skulle få greia på at French var homofil og skulle dela garderobe og sovesal med ein haug testosterontunge, halvdesperate menn.
Jeremy Pope er nydeleg god i hovudrolla, det same er Raúl Castillo som instruktør og den hemmelege fantasien til French.
Lyspunkta
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.