Musikk
Pastoralt
David Friedemann Strunck spelar gjetarmusikk frå inn- og utland.
Oboisten David Friedemann Strunck til støls.
Foto: Nora Dahl Nilsen
David
Friedemann Strunck er fyrsteoboist i Oslo-Filharmonien. Den nye plata hans, Lokk. Pastoral Music for Oboe, er eit typisk temaalbum der utvalde stykke av ei
mengd komponistar bind programmet saman. Fellesnemnaren her er det landlege og
folkelege, og naturen sjølv.
«Pastoralen»
som musikkform har røter attende til hyrdingspela i renessansen. Gjennom den
italienske barokkoperaen blei det særmerkte musikalske pastoraluttrykket
utkrystallisert, med idyllisk-fredfulle stemningar, ofte i voggande tredelt
takt, der fløyta og særleg oboen fungerer som musikalsk attributt.
Stølssafari
Pastor tyder «gjetar» på latin. I Noreg har me jo vår særeigne form for gjetarmusikk, «lokk»,
som kjem frå kvardagslivet på garden eller stølen. I nasjonalromantikken kom
lokken inn i kunstmusikken, særleg gjennom Edvard Grieg.
Fem slike lokkar av og
med Strunck er spreidde utover albumet, dette i form av miniatyrar for obo solo
med titlar som «Lokk etter Grieg» og «Lokk etter Gjendines bådnlåt». Sidan dei
større stykka på plata er temmeleg ulike, fungerer minilokkane fint som små mellomretter, lydlege sorbear som reinskar øyro.
Særmerkt
ved Hirtenlied (Gjetarsong) av tyske Julius Röntgen (1855–1932) er den
markante vekslinga mellom obo solo og strykarar, der obomelodien synest å vera
inspirert av norske lokkar. Röntgen var då også ein nær ven av Grieg, og saman drog
dei på «stølssafariar» gjennom den norske fjellheimen for å oppleva norsk
folkemusikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.